Prosjektet er ferdig regulert og ventar på avgjersle investering. Regjeringa har signalisert at dei vil leggje fram proposisjon for Stortinget våren 2025.
For å sikre raskast mogleg framdrift i prosjektet er det prioritert midlar i Statsbudsjettet for 2025 til å lyse ut to kontraktar. Rådgjevingsskontrakt for prosjektering av hovudentreprisene og kontrakt for berg- og skredsikring er lyst ut. Oppstart av prosjektet føreset vedtak i Stortinget om kostnadsramme og delvis bompengefinansiering.
Arna-Stanghelle-Voss er ein viktig del av hovudkorridoren for transport mellom Bergen og Oslo, både på veg og på jernbane. I dag er veg- og jernbanestrekninga prega av låg standard, tunnelar med stort behov for vedlikehald og oppgraderingar, og skredutsette område. Det gir ein lite effektiv og føreseieleg reiseveg for trafikantar og næringsliv og store kostandar for samfunnet. I tillegg er det mange trafikkulukker. Hovudproblemet er særleg dei mange alvorlege møteulukkene.
Prosjektet er eit fellesskap mellom Bane NOR og Statens vegvesen der veg og bane vert bygt ut samtidig, frå Arna utanfor Bergen, til Stanghelle i Vaksdal kommune. På grunn av den vestlandske topografien med bratte fjell og djupe fjordar, skal traseen i all hovudsak verte lagt i tunnel.
Fellesprosjektet Arna-Stanghelle vil gi auka trafikktryggleik, føreseieleg transport, auka kapasitet for gods på bane og redusert reisetid.
Slik blir ny veg og bane:
Ny E16 vert bygt som firefelts veg frå Arna til Trengereid, og vidare mot Stanghelle som tofelts veg.
Jernbana vert bygd som dobbeltspora tunnel mellom Arna stasjon til ny stasjon på Vaksdal, og vidare til ny stasjon på Stanghelle.
Nesten 80 kilometer med tunnelar skal byggast i det som er landets største tunnelprosjekt gjennom tidene.
Byggetida er forventa å vere om lag 12 til 14 år.
Under kan du sjå korleis veg og bane vil sjå ut med ny løysning.
Norges største tunnelprosjekt er eit fellesprosjekt mellom Statens vegvesen og Bane NOR.
Vi skal nå bygge både ny veg og dobbeltsporet jernbane mellom Arna og Stanghelle. Dette betyr at vi nå skal bygge Norges største tunnelprosjekt med til saman nesten 80 kilometer veg- og jernbanetunnelar.
Video: Red Ant for Statens vegvesen og Bane NOR. Kart som viser oversikt over korleis E16 Vossebanen og Arna-Stanghelle vil sjå ut med ny planlagt løysning.