Når du køyrer med dansk Tempo 100-godkjenning i Noreg er det krav både til trekkbil og tilhengjar for å køyre i opptil 100 km/t.

Krava i Noreg er dei same som i Danmark.

En norskregistrert tilhengjar kan likevel ikkje køyre i fart opp til 100 km/t i Noreg dersom han berre har dansk Tempo 100-godkjenning. Norskregistrerte tilhengjarar må ha norsk Tempo 100-godkjenning.

Krav til tilhengjaren

  • Tilhengjaren må bak ha eit dansk Tempo 100-merke. Merket må vere synleg bakfrå.
  • Gyldig dansk Tempo 100-godkjenningsattest må vere med i køyretøyet. Godkjenningsattesten kan vere fysisk eller elektronisk.
  • Dekka må vere nyare enn 6 år. Dekkprodusenten har merkt dekket med produksjonstidspunktet (veke og år).
    • Døme: Dekk merkte med produksjonsdato 0919 vil ikkje bli godkjende frå og med veke 10 i 2025.
  • Fartsmerkinga på dekka må vere på 120 km/t eller meir.
  • Når du lastar tilhengjaren er det viktig å hugse på at tyngdepunktet til lasta skal vere framanfor akselen/akslane, og at tillate kuletrykk ikkje skal overskridast.
  • Dersom tilhengjaren er utstyrt med ei stabiliseringsanordning, må eininga justerast, strammast og sikrast i samsvar med fabrikanten sine tilvisingar.
  • Tilhengjaren, eventuelt med last, kan ikkje vere høgare enn 4 meter.

Krav til den trekkjande bilen

  • Bilen må vere utstyrt med blokkeringsfrie bremsar (ABS).
  • Bilen må ha ei tillaten totalvekt som ikkje er høgare enn 3 500 kg.
  • Bilen må oppfylle krava til eigenvekt som går fram av Tempo 100-godkjenningsattesten.
  • For nokre kombinasjoner av bil og tilhengjar blir det stilt ekstra krav til bilen sine vekter. Dersom desse spesielle vilkåra er aktuelle, står dette i godkjenningsattesten til tilhengjaren. Dette vil også visast i prøvekalkulatoren.
  • Dersom bilen har eit elektronisk køyredynamisk stabilitetssystem, skal erklæring om dette vere med under køyring. Erklæringa kan vere fysisk eller elektronisk. Eininga må vere aktivert og riktig innstilt i samsvar med fabrikanten sine tilvisingar under køyring med tilhengjar.