Artikkelen er fra 2011, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen har invitert seks konsulentselskap med på laget for å utvikle konsept for kryssing av Sognefjorden med flyte- og røyrbru.

Som ein del av arbeidet med utvikling av ny teknologi for fjordkryssingar gjennomfører Statens vegvesen ei mulighetsstudie for kryssing av Sognefjorden i området Lavik-Oppedal.

Seks konsulentfirma er invitert med til å utvikle og dimensjonere konsept for røyrbru, flytebru og eventuelt ein kombinasjon av desse to. Omgrepet konsept er i denne samanhengen brukt om eit forslag til teknisk løysing for eit fast samband over fjorden.

Prekvalifisering

Første ledd i studien har vore ei prekvalifisering der aktuelle konsulentar meldte si interesse for å vere med vidare i ein konkurranse om utvikling av brukonsept. Statens vegvesen har vurdert kapasitet, gjennomføringsevne, kompetanse og relevant erfaring i dei seks konsulentfirma som ynskte å bidra.

- Vi er godt nøgde med deltakarane. Det viser at desse miljøa har fatta interesse for prosjektet og teke det alvorleg, ved å samle seg i fagleg sterke grupperingar, seier leiar for fjordkryssingsprosjektet, Lidvard Skorpa.

Alle dei seks konsulentgrupperingane gjekk vidare, og her finn vi både norske og internasjonale firma:

Dr. ing. A. Aas Jakobsen AS

Underkonsulent: Johs. Holt AS, COWI, NGI, Skanska
Frittståande ekspertar: Tor Vinje, Håvard Østlid, Rolf Øyvind Johnsen

REINERTSEN/OLAV OLSEN konsortiet

Underleverandører: Snøhetta, Rambøll, Faltinsen, Johansson, Arup, BergerABAM

Sweco Norge AS

Underkonsulentar Hans-Petter Brathaug AS, Instanes Polar AS, Anders Bleie

Norconsult AS

Underkonsulent: Haug og Blom-Bakke AS

MULTICONSULT AS

Samarbeidspartnarar: WSP Finland, Barlindhaug Consult AS, Akvator AS v/Jan Soldal, L2 Arkitekter.
Ressurspersoner frå: Leonhardt, Andrä und Partner GmbH Stuttgart.

LMG Marin AS

 

Underleverandører: Marintek, Teknisk Data AS, TDA, Smidt & Ingebrigtsen AS, SMIAS, Fondasol

“Konkurranseprega dialog”

Konkurransen skal gjennomførast etter anskaffelsesprosedyren “Konkurranseprega dialog”, eit relativt nytt verktøy som har vore prøvd ut nokre få gonger i Noreg og Skandinavia, blant anna på E6 i Lademoen-området i Trondheim. Konkurranseprega dialog går ut på at oppdragsgjevar i ein eller fleire rundar fører ein dialog med leverandørar om alternative løysingar - før dei kjem med konkurrerande tilbod.

Kvart enkelt firma som er invitert med skal levere forslag til konsept for kryssing av Sognefjorden.  Kvar deltakar må levere forslag i minimum to av tre delkonkurransar; flytebru, røyrbru eller ein kombinasjon av flytebru/røyrbru.

Dei konsept som er vurdert å ha mest potensiale for realisering, går vidare til dialogfasen. Her blir dei utvalde deltakarane invitert til ein individuell dialog knytt til konseptforslaga. Målet med denne dialogfasen er å identifisere kva for konsept som best oppfyller oppdragsgjevar sine behov, og som dermed blir invitert til å gå vidare til tilbodskonkurransen.

- Informasjonen som kjem frå kvar deltakar vil vere heilt fortruleg, og deltakarane vil ikkje få kunnskap om kva løysingar dei andre konsulentane har foreslått, seier Skorpa.

Konkurranseprega dialog er ei krevjande øving for begge partar.

- Samstundes er det ei konkurranseform som opnar for at konsulentfirma kan utnytte sin kompetanse og kreativitet, og legg til rette for eit nært samarbeid mellom leverandør og oppdragsgjevar for å få fram dei beste løysingane, seier Skorpa.

Parallelt med denne konkurransen er det som ein del av mulighetsstudien også iverksett ei utgreiing av moglegheita for å krysse Sognefjorden med hengebru i eitt spenn. Denne vert utført internt i Statens vegvesen. 

Aktuelt for fylke(r): Agder, Vestland, Møre og Romsdal, Rogaland, Trøndelag