Konkurranse om fjordkryssing
Statens vegvesen har invitert til konkurranse for å vidareutvikle ulike konsept for kryssing av Sognefjorden. Det skal lagas studiar for både røyrbru og flytebru. Konkurransen er ein del av arbeidet med utvikling av ny teknologi for fjordkryssingar i regi av prosjektet Ferjefri E39
I fjor haust vart seks konsulentgrupperingar inviterte til å lage skisser for konsept for kryssing av Sognefjorden med flyte- og røyrbru. Desse seks leverandørane har i vinter delteke i ein konkurranseprega dialog med Statens vegvesen.
Konkurranseprega dialog går ut på at oppdragsgjevar i ein eller fleire rundar fører ein dialog med leverandørar om alternative løysingar – før dei kjem med konkurrerande tilbod. Alle konsulentgrupperingane som er invitert med har levert forslag til konsept for kryssing av Sognefjorden i området Lavik-Oppedal.
Det er berre dei seks pre kvalifiserte leverandørane som får høve til delta i konkurransen som no er invitert til, om å lage ein meir utfyllande studie. – Vi er svært nøgde med at alle dei pre kvalifiserte er med vidare, seier Lidvard Skorpa, leiar for delprosjektet om fjordkryssing.
Skorpa fortel om ein travel vinter, med mange møter både for oppdragsgjevar og konsulentar. – Målet med dialogfasen har heile tida vore å vidareutvikle dei ulike konsepta og skissene, for å finne dei løysingane som er best tenlege og har størst potensiale for å bli realisert. Statens vegvesen har gjennomført dette arbeidet i tett og fortruleg samarbeid med kvar enkelt leverandør, fortel Lidvard Skorpa. Han er imponert over det engasjementet konsulentane har vist.
Utfallet av konkurransen vil bli klart i løpet av sommaren, og arbeidet med å utvikle konsepta vidare vil ta til rett etter sommaren. Studiane skal vere klare på seinhausten.