Risikovurdering av fjordkryssingane
Statens vegvesen har lyst ut jobben med å utføre risikovurderingar av framtidige fjordkryssingar, og Rambøll har fått oppdraget.
Dette arbeidet vil vere viktig for å kunne avklare om det er praktisk mogeleg å krysse Sognefjorden mellom Lavik og Oppedal med flytebru eller røyrbru. Analysen skal avklare risiko for alvorlege ulukker som medfører tap av menneskeliv og/eller konstruksjonar. Vurderingane vil vere ein del av utgreiingsmaterialet for kryssing av Sognefjorden.
Risikoanalysen gjeld for ulukkes situasjonar som kan hende under vanleg drift, til dømes ved at skip kolliderer med konstruksjonen. Den vil gi eit grunnlag for utforming og dimensjonering av bruene.
Arbeidet har starta opp, og første fase vil vere avslutta i midten av desember 2011.