Artikkelen er fra 2011, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen vil samarbeide med firma som har kompetanse til og vidareutvikle dei ulike bru konsepta.

Fjordkryssingsprosjektet som er ein del av prosjektet Ferjefri E39 er i ferd med å formalisere eit slikt samarbeid. Gjennom ein konkurranseprega dialog vil fagfolk i Statens vegvesen samarbeide tett med ekstern kompetanse for å finne gode løysingar.

Samarbeid
Konkurranseprega dialog er ei relativt ny konkurranseform som set samarbeidet inn i formelle rammer. Ei slik tilnærming vil gjere det mogeleg å få til ei dynamisk samhandling for å få fram dei beste alternativa for kryssing av Sognefjorden. Den konkurranseprega dialogen vil vere delt inn i ulike fasar, og konsepta vil gradvis bli meir og meir detaljert etterkvart i prosessen.

Mange interesserte
Første ledd er ein pre kvalifisering der aktuelle konsulentar melder si interesse for og vere med på ein konkurranseprega dialog. Søknadsfristen er no ute og det har meldt seg seks konsulentar. Dei har kvar for seg med eit breitt utval av under konsulentar.

-  Det er både internasjonale og store norske firma som er representerte, seier prosjektleiar Lidvard Skorpa. – Vi ser fram til å byrje på ein krevjande prosess som vil bere frukter i løpet av neste år, avsluttar Skorpa.

Statens vegvesen skal no gå gjennom søknadane frå konsulentane. Dei som får bli med vidare vert inviterte inn i den konkurranseprega dialogen. Planen er å sende ut ein slik invitasjon før nyttår.

Illustrasjon: Statens vegvesen
Aktuelt for fylke(r): Agder, Vestland, Møre og Romsdal, Rogaland, Trøndelag