Artikkelen er fra 2014, og innholdet kan være utdatert.

Regjeringa har bestemt at ein framtidig E39 mellom Aksdal og Bergen skal krysse Bjørnafjorden med bru mellom Tysnes og Os. Men kvar skal vegen og brua konkret ligge?

Bjørnafjorden er brei, og på det meste er den nesten 600 meter djup. Ferjefri E39-prosjektet har gjort mulighetsstudier som seier at vi skal teknisk kunne få til å bygge ei bru som kryssar fjorden. Det er likevel lang veg frå mulighetsstudier til faktisk og praktisk planlegging av ei bru som er fem kilometer lang.  

– Vi jobbar no saman med vegingeniørar for å finne dei beste linjene på land, og finne gode ilandføringar for ei framtidig bru, fortel leiar av fjordkryssingsprosjektet, Mathias Kjerstad Eidem.

Prosjektet opererer med to moglege trasear over fjorden frå Tysnes. Ein med ilandføring ved Kobbholmane og ein der brua kjem i land på Bjørnatrynet.

Parallelt med dette prosjektet set prosjektet i gang innsamling av ulike miljødata, som straum, vind og bølgjer. Detaljerte grunnundersøkingar av havbotn står også på agendaen i tida framover.

– Alle desse faktorane er med og legg premissa for den framtidige brukonstruksjonen, seier Eidem.

Skipstrafikk

Fjordkryssingsprosjektet lyste i vår ut at dei vil ha hjelp til å lage prognosar både for framtidig skipstrafikk og vurdere risiko knytt til skipskollisjon. Bjørnafjorden er trafikkert, både over og under vatn. Lastebåtar, Kystvakta og ubåtar - dei skal alle ivaretakast når brua blir planlagt. Kor stor er sjansen for at ein båt skal kollidere med brua, og kor store vil kreftene vere om ein slik kollisjon skjer?

–Seks ulike konsulentfirma viste interesse for dette oppdraget, og det var vi godt nøgde med. Då vi skulle rekne på risikoen knytt til ei bru over Sognefjorden for tre år sidan, var det berre to firma som gav tilbod. Dette speglar den auka interessa vi ser for fjordkryssing, over heile fjøla, seier Eidem.

Det er svenske SSPA som har fått jobben med rekne på risikoen. Dei skal lage risikoanalysar og simuleringar av skipstrafikken fram mot 2070.

Johan Gahnström, prosjektleiar hos SSPA, ser fram til arbeidet.  

– SSPA er glade for dette høvet til å bidra med vår kompetanse og støtte Vegvesenet med uavhengig og validert informasjon, seier Gahnström.

Seks brukonsept aktuelle

Mathias Kjerstad Eidem fortel at dei opererer i utgangspunktet med seks ulike brukonsept for kryssing av Bjørnafjorden. Desse er

  • Hengebru med eitt hovudspenn og eitt fundament i sjøen på 150 meters djup.
  • Hengebru i fleire spenn som står på tårn på flytande element
  • Flytebru med skipslei i nord
  • Flytebru med skipslei midtfjords
  • Røyrbru med forankring til havbotn
  • Røyrbru forankra til pongtongar på overflata

Felles for alle desse er at det handlar om å sprengje grensene for eksisterande bruteknologi. 

– Vi må vidareutvikle teknologien vi har i dag, og kombinere det med teknologi frå offshore-industrien. Det er nødvendig å samarbeide tett med bransjen og kompetansemiljø, for at vi skal få dette til, avsluttar Mathias Kjerstad Eidem.

Målet er å vere ferdige med planprogrammet tidsnok til at brua kan kome inn i neste rullering av Nasjonal transportplan.

Skissa viser korleis ei flytebru med passasje for skip inn mot land på nordsida av fjorden, kan sjå ut. Illustrasjon: Plan arktitekter/Statens vegvesen Foto: Statens vegvesen/Plan arkitekter
Aktuelt for fylke(r): Agder, Vestland, Møre og Romsdal, Rogaland, Trøndelag