Betre datakvalitet i nasjonale system
Data om veg- og trafikkforhold i Noreg er grunnlaget for ei rekke system og tenester for trafikkinformasjon.
Denne korte filmen illustrerer nytta av korrekte og oppdaterte data for heile vegnettet.
Ruteforslaget på GPS-en bygger på riktige og oppdaterte veg- og trafikkdata. Veg- og trafikkdatagrunnlaget i Noreg kjem frå ei rekke kjelder. Alle vegforvaltarane – kommunar, fylkeskommunar, Nye Veier AS og Statens vegvesen – har plikt til å rapportere inn data til databasane og tenestene til Statens vegvesen. Kartverket rapporterer inn data om dei kommunale vegane for kommunane.
Dataflyt og tenester
Det er reglar om fleire av dei nasjonale systema i forslaget til forskrift om vegdata, trafikkinformasjon, trafikkstyring og trafikkberedskap med meir for offentleg veg som var på høyring i 2023.
Eit utval av systema
Nasjonal vegdatabank samlar og formidlar statiske data om vegnettet i Noreg. Her ligg informasjon om vegens tilstand, type, vegobjekt som lyktestolpar og fleire hundre andre fagdata som beskriv vegnettet. Dynamiske trafikkdata, eksempelvis om trafikkvolum, reisetider, køyreforhold og hendingar, blir rapportert inn automatisk eller via vegtrafikksentralane til Datex-noden som drives av Statens vegvesen. Eit stort tal tenesteleverandørar, både norske og internasjonale, hentar data derifrå til sine sluttbrukartenester.
Det nasjonale systemet for trafikkdata samlar data om trafikken frå heile riks- og fylkesvegnettet, og frå utvalde kommunale vegar. Trafikkdata blir i all hovudsak samla inn frå trafikkregistreringspunkt langs vegnettet. Trafikkdata blir blant anna gjort tilgjengelege gjennom trafikkdataportalen.
Reisetidssystemet består av system for automatisk innhenting, berekning og publisering av reisetid på strekningar. I dag blir data henta ved å lese av Autopass-brikker utan å registrere kundedata. Desse dataa blir for eksempel brukt i digitale skilt som varslar antatt reisetid. I tillegg blir reisetidsdata gjort tilgjengelege blant anna på den kartbaserte trafikkinformasjonstenesta og gjennom Statens vegvesen si Datex-teneste.
Via den nasjonale Datex-tenesta tilbyr Statens vegvesen blant anna sanntids vêrdata, reisetider, kamerabilete og trafikkmeldingar. DATEX II er ein europeisk standard for utveksling av trafikkinformasjon mellom ulike aktørar. Tenesta er tilgjengeleg for media, private tenestetilbydarar av trafikkinformasjon og andre aktørar som er interesserte i å bruke data frå Statens vegvesen i eigne tenester.
Vegtrafikksentralane (VTS) skal overvake vegnettet, gi trafikkinformasjon til publikum og handtere ikkje-planlagde hendingar på vegane som påverkar trafikksikkerheita eller framkomelegheita. Eksempel på dette er skred og flaum, ekstreme vêrforhold, spesielt vanskelege køyreforhold, skade på infrastruktur, ulykker og køyretøystans. VTS styrer trafikken ved å varsle, informere og samhandle med blant anna nødetatar, vegeigarar, og bilbergarar. Alle trafikkstyringsanlegg med fjernstyring skal være knytt til VTS, slik at dei for eksempel kan utføre stenging og regulering av køyrefeltbruk, sikre omkøyring eller varsle om kø. VTS tek i mot data og trafikkmeldingar frå ei rekke aktørar. Det er i dag fem vegtrafikksentralar i Noreg som tener kvart sitt geografiske område.
IT-systemet Vegvær hentar, tilarbeider og gjer tilgjengeleg vêrdata – i hovedsak frå vêrstasjonar. Målet med dette er
- å gi vinterdrifta (byggherrar og entreprenørar) informasjon om vêr- og føreforhold langs vegane som støtte for avgjerder om ulike tiltak (salting, brøyting og strøing).
- å gi tilgang til informasjon om vêr- og føreforhold frå vegnettet i samband med naturfareberedskap (skred og flaum)
- å støtte vegtrafikksentralane i deira overvaking av vegtrafikken
- å gi grunnlagsinformasjon om vêr- og køyreforhold til trafikantane i ulike kanalar
Webkamera til Statens vegvesen viser vêrforhold, trafikkforhold og liknande. Dette er den mest brukte tenesta på vegvesen.no og blir brukt av vegtrafikksentralane, trafikantar, næringslivet og media. Kamerabileta er tilgjengelege på vegvesen.no/trafikk, som er den landsdekkande tenesta med kartbasert trafikkinformasjon.
Aktuelle omgrep
- Trafikkdata: Historiske data og sanntidsdata om vegtrafikken, mellom anna trafikkmengder, trafikkvariasjon, fartsprofilar og årsdøgntrafikk. Data om sykkeltrafikk og ferjedata er og trafikkdata.
- Reisetidsdata: Målt køyretid på strekningar i sanntid.
- Vegdata: Data om veginfrastrukturen med referansesystem, medrekna eigenskapar og objekt knytt til vegen.
- Trafikkinformasjon: All informasjon om pågåande og planlagde trafikkforhold. Dette inkluderer trafikksikkerheitsrelatert informasjon, vegmeldingar og varslar om reisetider, forseinkingar, avvik, køyreforhold, vêr og føre og andre hendingar på vegnettet.
- Vegstyresmakt: Statens vegvesen, fylkeskommunane og kommunane, jamfør veglova § 9.
- Vegselskapet: Forskriftas nemning på den rolla og funksjonen som Nye Veier AS har.
- Trafikkstyringssystem: Styrbare installasjonar som varslar og regulerer trafikken ved uforutsette hendingar.
- NVDB – Nasjonal vegdatabank: Ein database med digitalt vegnett og statiske fagdata om det norske vegnettet. Data frå NVDB blir blant anna brukt til ruteplanlegging, navigasjon, Nasjonal transportplan, veglister, samfunnssikkerheit og beredskap.
- Vegtrafikksentralane (VTS): Den operative beredskapseininga til Statens vegvesen og kontaktpunktet mot trafikantane, politi og nødetatar. Det er fem regionale vegtrafikksentralar i Noreg. Sentralane overvaker trafikken, styrer variable skilt og tar imot og formidlar vegmeldingar.
- DATEX: Ein internasjonal standard for tilgjengeliggjering og utveksling av veg- og trafikkdata i sanntid som alle land i Europa bruker.