Artikkelen er frå 2015, og innhaldet kan vere utdatert.

Fjordkryssingsprosjektet tar arbeidet med bru over Bjørnafjorden eit skritt vidare.

- På nyåret har vi satt ut bøyer i fjorden som skal måle bølgjer, straum og vind. Dei fem bøyane ligg mellom Rekstern og Halhjem, fortel Stian Moe Johannesen, prosjektmedarbeidar i Fjordkryssingsprosjektet. Fire av dei ligg i ein mogleg vestleg trasé, medan ei ligg i det som kan vere ein austleg trasé. Bøyane skal i utgangspunktet ligge ute i to år, men om vi ser at det blir nødvendig kan vi forlenge det med ytterlegare tre år, fortel han.

Det er Dansk Hydrologisk Institutt (DHI) som har klargjort bøyane og no samlar inn data for Vegvesenet. Sjølve bøyane er produserte på New Zealand før dei vart frakta til Hordaland.

- Kvar bøye veg 2,6 tonn og stikk fem meter opp på overflata. Dei er gule, godt synlege og har både lanterner og AIS-markering. Bøyane er forankra til botn, og under dei heng sensorar som måler straum og bølgjer ned til 50 meters djupn, seier surveyleiar Anders Jensen i DHI.

Alle bøyane har også vindmålar montert på seg, i tillegg til at to av målarane registrerer saltinnhaldet i fjorden.

Mykje data

- Til saman blir dette mykje data. Alle denne informasjonen blir kontinuerleg overført til serverar på land, parallelt med at dei blir lagra lokalt på bøyane fortel Moe Johannesen.

Samstundes har Kjeller Vindteknikk fått oppdraget med å sette opp master på land for å måle vind på fleire punkter langs ein mogleg ny E39 gjennom Hordaland. - No samkøyrer vi vinddata frå mastene på land med data vi får frå bøyane i sjøen, slik at vi får alt samla i ein felles database.

Informasjonen som blir samla inn er med på å danne grunnlaget for det vidare arbeidet med planlegging av bru over Bjørnafjorden.  

- Som dei siste dagane har synt må ei bru uansett dimensjonerast for å tåle ekstremver, men det er svært nyttig for oss å få mest mogleg konkret informasjon om miljøet der brua skal byggast, for den vidare planlegginga, fortel Moe Johannesen.  

Fleire fjordar skal kryssast

Om erfaringane er gode ser Moe Johannsen for seg at dette kan bli eit system som også kan brukast på andre fjordar langs E39 seinare.

Med dette er draumen om ein ferjefri E39 er på veg til å bli gradvis realisert gjennom enkeltprosjekt i dei einskilde regionane der vegen går.

Fjordkryssingsprosjektet jobbar hovudsakleg med teknologiutvikling for kryssing av alle fjordane langs E39 som i dag er betjent med ferje, men prosjektet er som vist også involvert i planlegging av kryssing av konkrete fjordar. Prosjektet samlar medarbeidarar frå regionane vest, sør, aust, midt og Vegdirektoratet, og Mathias Egeland Eidem i Region vest leiar arbeidet. 

- Sidan alle dei attståande fjordane langs E39 anten er breie, djupe eller begge deler, må vi tenke nytt rundt desse brukonstruksjonane. Fjordkryssingsprosjektet skal difor bidra med teknologiutvikling som kjem heile etaten til gode, fortel prosjektleiar Eidem. 

Aktuelt for fylke: Agder, Vestland, Møre og Romsdal, Rogaland, Trøndelag