Fjordkryssingsprosjektet søker offshore kompetanse
- Vi tradisjonelle vegingeniørar tenkjer ofte på vatn som ein barriere. Offshoreingeniørar er meir vande til å nytte vatnet sine eigenskapar, og sjå sjøen som eit berande element. Vi treng den typen kompetanse for å klare å realisere så store kryssingar som Fjordkryssingsprosjektet arbeider med, seier prosjektleiar Lidvard Skorpa.
Skorpa er saman med resten av prosjektgruppa på jakt etter personar med denne spisskompetansen.
Fjordkryssingsprosjektet er eit av dei fire delprosjekta som ligg under Ferjefri E39. Dette er ei vidareføring av eit forprosjekt som vart avslutta vinteren 2011. Arbeidet går ut på å finne ut kva typar fjordkryssingar som er mogeleg å realisere. Konsepta med hengebru, flytebru, røyrbru, eller kombinasjonar av desse er alternativ som vil bli nærare utgreiia.
- Når det gjeld flyte- og røyrbruer har ikkje Statens vegvesen tilstrekkeleg kompetanse. Vi ynskjer difor primært å tilsetje personar med kompetanse innan fagområder som er relevante i den samanheng, seier Skorpa.