Jordskjelvjakt i Bjørnafjorden
– Skred i Bjørnafjorden kan skje, og det må vi vere førebudde på. Konstruksjonane må vere robuste nok til å tole dette, seier Tore Thomassen.
Det er få arbeid, om nokon, som har kartlagt skredhendingar i fjordar av den detaljgraden som Heidi Kjennbakken, Tore Thomassen og kollegaene deira gjer.
Når Bjørnafjorden får bru, som ein del av Ferjefri E39, har Statens vegvesen tilrådd ei flytebru som enten er endeforankra eller sideforankra. Den sideforankra brua treng anker for å halde den fem kilometer lange brua på plass. Her står det mellom to typar sideforankring, eller ein kombinasjon av dei to; sugeanker med ein diameter på 16 meter, eller ballastanker store som hus.
Skred i fjorden
Overingeniør Tore Thomassen har vore på tokt på Bjørnafjorden for å finne ut meir om kor utsett fjorden er for skred, og kor det kan vere mogeleg å plassere ankera som kan halde ei heil bru på plass.
– Ballastankera fyller vi med stein, ofte olivinstein som har høg eigenvekt. Ballastankeret skal ligge på eit stødig underlag, fortel Thomassen som jobbar på Utviklingsprosjekt fjordkryssingar i Statens vegvesen.
Eit sugeanker er ein bøtteforma konstruksjon som vi senker ned på havbotn med opninga ned. Når vatnet blir pumpa ut av ankeret blir det skapt eit undertrykk inne i konstruksjonen, og ankeret blir sugd mot botn.
– Vi prøver å finne ut kor det går skred i fjorden så vi kan finne ut kor vi kan plassere anker, seier Thomassen.
Kva har løyst ut skred?
På havbotn har det blitt gjort undersøkingar for mellom anna å finne ut kva kvalitet jordmassane har. Ut frå jordkvaliteten kan geologane seie noko om faren for skred.
– Stor nok påverking, som eit stort jordskjelv, vil kunne utløyse skred. Vi kan sjå at det har gått skred i Bjørnafjorden tidlegare, seier Thomassen.
Kor tid skreda har gått jobbar Heidi Kjennbakken med å finne ut av.
– Hovudgrunnen til at vi ønskjer å datere skreda er for å forstå om dei vart løyst ut etter landheving etter istida, eller om det har skjedd i moderne tid, seier Kjennbakken.
Basert på data frå eit tidlegare tokt fann Multiconsult og Norsk geotekniske institutt (NGI) 32 ankerposisjonar, i tillegg til reserveposisjonar for alle ankera. På dette toktet jobba Kjennbakken og hennar kollegaer med å samle data for å kunne finne dei aller beste ankerposisjonane, i tillegg til å finne ut kva som er på botn av Bjørnafjorden.
– Vi visste ikkje at det var så mange store og små skred i Bjørnafjorden. Kanskje vil det vere sannsynleg at ein finn det same i andre fjordar. Difor kan dataene også interessante for andre forskarar. Universitetet i Bergen vil nytte dataene til å sjå på skredhendingar og avsetningsprosessar i ein større geologisk samanheng, seier Kjennbakken.
Tyder på gamalt jordskjelv
Med hjelp av akustikk samla opp av ein ROV, undervassrobot, har geologane funne ut at fleire skred sannsynlegvis har vorte løyst ut samstundes, som igjen tyder på at det har skjedd som følgje av eit jordskjelv. Denne tolkinga må dei framleis dokumentere gjennom å finne ut kor gamalt skreda er.
– Aldersbestemminga er ein viktig del av arbeidet for å forstå kor tid dei store skreda gjekk og kva som var utløysingsmekanismen, fortel Kjennbakken.
I laboratorium
På ROV-en vert det montert på botnpenetrerande ekkolodd som gjev høgoppløyselege bilde. På toktet blei det også tatt kjerneprøver av botn på Bjørnafjorden.
Leira skal no identifiserast i eit laboratorium på Universitetet i Bergen.
– Skredsedimenta kan vere utfordrande å identifisere sidan alt er leire. Når vi opnar kjernen ser alt ut som brungrå leire, seier ho.
– Når sedimenta er identifiserte tar vi prøver frå laga over og under skreda til karbondatering for å aldersbestemme skreda. Karbonalderen over skredet seier noko om yngste alder på skredet, medan alderen under skredet seier noko om kor mykje sediment som er blitt forstyrra av skredhendingar i området.
Til hausten igjen skal Thomassen og kollegaene samle meir data om skråningane i fjorden.