Artikkelen er frå 2011, og innhaldet kan vere utdatert.

Statens vegvesen inviterar saman med Vestlandsrådet til open oppstartskonferanse for prosjektet Ferjefri E39.

Statens vegvesen har fått i oppdrag av Samferdsledepartementet å greie ut kva potensiale ein ferjefri kyststamveg vil ha for næringsliv og tilhøyrande bu- og arbeidsregionar. I arbeidet skal Statens vegvesen òg vurdere teknologiske løysingar for fjordkryssingar. Prosjektet gjeld E39 frå Kristiansand til Trondheim.

I samband med dette vil Statens vegvesen og Vestlandsrådet invitere kommunar, byar, næringsliv, universitets- og høgskulemiljø og organisasjonar til oppstartskonferanse i Stavanger 25. mars 2011.

I tillegg til samferdsleministeren og vegdirektøren, kjem mellom anna ekspertar frå inn- og utland for å snakka om dei samfunnsmessige følgjene av utbygging av store og  kompliserte transportkorridorar. Konferansen vil òg handle om å skape felles eigarskap, involvering og styring av satsinga.

Konferansen vert arrangert på Stavanger Forum fredag 25. mars 2011.

Send påmelding til

Det vert registrering frå kl. 0900.

Konferansen startar opp kl. 0930 og held fram til kl. 1530.

Aktuelt for fylke: Agder, Vestland, Møre og Romsdal, Rogaland, Trøndelag