Statens vegvesen tilbyr eit API for innehavarar med eigne prøveskilt (årsprøvekjennemerke), slik at dei sjølve kan opprette køyresetlar digitalt.

Få tilgang til API for køyresetlar Logg inn

Brukarar av API-et kan integrere fagsystema sine med Autosys køyretøy, og opprette køyresetlar digitalt. For å få tilgang til API-et må de som brukarar først godkjenne nokre vilkår. Ved å godkjenne vilkåra samtykkjer de til verksemda sine plikter og rettar for bruk av tenesta. I vilkåra får de òg informasjon om føremålet med tenesta, tilgangsstyring og kva som skjer ved brot på vilkåra. Vilkåra godkjenner de på Di side. Den som skal godkjenne vilkåra for bruk av API-et må ha «skriv»-tilgang til retten «Godkjenne avtalar på vegner av organisasjonar» i Altinn. Kva for eit sett med avtalevilkår som er relevant for verksemda avheng av om verksemda skal bruke API-et direkte eller som tredjepart på vegner av ei anna verksemd.

Brukarar som er innehavarar av prøveskilt

De som forhandlarar med eigne prøveskilt (årsprøvekjennemerke) godkjenner avtalevilkåra i «Avtale om tilgang til Statens vegvesens API for kjøreseddel» dersom de skal bruke API-et direkte på vegner av eiga verksemd.

Brukarar som tilbyr køyretøytenester på vegner av forhandlarar

Tenesta kan òg brukast av dei som administrerer køyretøytenester på vegner av ei anna verksemd, og som ikkje sjølve har prøveskilt/årsprøvekjennemerke. Dette føreset at verksemda som har prøveskilt/ årsprøvekjennemerke delegerer retten i Altinn til den som ikkje har det. Avtalevilkåra i «Avtale om tilgang til Statens vegvesens API for kjøreseddel» må godkjennast av verksemder som skal bruke API-et på vegner av ei anna verksemd.

Når de godkjenner vilkåra, får de tilgang til API-et og meir detaljert informasjon om korleis de bruker det i informasjonsportalen for Autosys.