Instruks for bruk av køyregard – Nordfjordeid trafikkstasjon
Instruksen er laga for å gjere øving og opplæring i våre køyregardar så trygg som mogleg, og for å unngå at alvorlege ulukker skal skje.
Reglar og retningsliner
- Private har ikkje tilgang til å nytte køyregarden for øving/øvingskøyring.
- Køyregarden er berre til bruk for førarprøvar og trafikkskular.
- Trafikklærarar som skal nytte køyregarden til opplæring, og trafikklæraren ikkje er med på køyretøyet, skal ha delteke på vegvesenet si gjennomgang av instruks for bruk av køyregarden.
- Køyregarden er open for øving alle dager etter 15.30. Elles er køyregarden open for førerprøver og oppvarming til førerprøver dei dagane det er aktuelt.
- Alle køyretøy som ikkje nyttast til opplæring eller førarprøve, skal parkerast utanfor området.
- Øving lyt vike plass dersom Statens vegvesen skal nytte området.
- Når køyregard vert brukt, skal sperringar setjast opp som avtalt på rett stad.
- Ved bruk av køyregard skal det alltid vere bruk av to-vegs trådlaust kommunikasjonsutstyr mellom elev og instruktør/lærar.
- Ein trafikklærar kan ha med seg 1 elev i køyregarden.
- Maks 3 kandidatar/elevar kan vere samstundes i køyregarden.
- Trafikklærar skal sitje på motorsykkelen ved opplæring i køyregarden, inntil trinnvurdering trinn 2 er gjennomført og registrert.
- Trafikklærarar har til ei kvar tid ansvar for at det ikkje kan oppstå fare.
- Når køyregarden vert nytta av fleire, skal det alltid gjerast tydelege avtalar om korleis det skal samarbeidast mellom instruktør/lærarar for å unngå fare/risiko.
- Maks hastigheit i køyregard er 50 km/t.
- Statens vegvesen ynskjer at det skal vere sikkert å bruke området, og vi oppfordrar alle til å bruke rett mc-utstyr og at motorsykkelen må vere godkjent, jamfør Vegtrafikkloven § 13.
- Anna bruk av køyregarden skal avtalast med Statens vegvesen.
- Førstehjelpsutstyr og brannslukkar er tilgjengeleg utanfor stasjonen.
- Ved ulukke ring 113. Ved personskade skal også politiet kontaktast på 112. La utstyret (mc) ligge på skadestaden.
Reglar under førerprøve
- Ingen andre kan øve på området eller på annan måte forstyrre kandidat og sensor mens prøve pågår.