Instruks for bruk av køyregard – Voss trafikkstasjon
Instruksen er laga for å gjere øving og opplæring i våre køyregardar så trygg som mogleg, og for å unngå at alvorlege ulykker skal skje.
Reglar og retningslinjer
- Private har ikkje tilgang til å bruke køyregarden for øving/øvingskøyring.
- Køyregarden er berre til bruk for førarprøvar, og trafikkskular til oppvarming på dagar det gjennomførast førarprøver.
- Trafikklærarar som skal nytte køyregarden til opplæring/oppvarming før førarprøve, ikkje er med på køyretøyet, skal ha delteke på Vegvesenet si gjennomgang av instruksen og køyregarden sitt køyremønster.
- Alle køyretøy som ikkje nyttast til opplæring eller førarprøve, skal parkerast utanfor køyregardsområdet.
- Ved bruk av køyregard skal det alltid vere bruk av to-vegs trådlaust kommunikasjonsutstyr mellom elev og instruktør/lærar.
- Ein trafikklærar kan ha med seg 1 elev i køyregarden.
- Max 2 kandidatar/elevar kan vere samtidig i køyregarden.
- Trafikklærarar har til ei kvar tid ansvar for at det ikkje kan oppstå fare.
- Når køyregarden vert nytta av fleire, skal det alltid gjerast tydelege avtalar om korleis det skal samarbeidast mellom instruktør/lærarar for å unngå fare/risiko.
- Max hastigheit i køyregard er 50 km/t. (60 km/t på inngjerda område.)
- Førstehjelpsutstyr og brannslukkar er tilgjengeleg på stasjonen.
- Ved ulykke ring 113. Ved personskade skal også politiet kontaktast på 112. La utstyret (mc) ligge på skadestaden.
Reglar under førarprøve
- Ingen andre kan øve på området eller på anna måte forstyrre kandidat og sensor mens prøve pågår.