Dialog og involvering
Det er mange som har interesse av arbeidet med ny forskrift for vegdata og trafikkinformasjon.
Det har vore mange sjansar til å involvere seg og seie meininga si.
Vegmyndigheiter, samfunnsplanleggarar, politikarar og andre myndigheiter treng data til planlegging og prioritering. Politi og nødetatar bruker veg- og trafikkdata når de skal finne raskaste veg til ein ulykkestad. Samfunnet treng pålitelege tenester for trafikkinformasjon, eit oppdatert digitalt og navigerbart vegnett med presise eigenskapsdata og eit omfattande datagrunnlag om heile vegnettet. Data gir betre moglegheit til å utnytte vegnettet godt, og bidrar til å oppnå viktige samfunnsmål.
Vegvesenet har vore bevisst på å ha ein open og inkluderande forskriftsprosess. Sidan hausten 2020 har vi hatt god dialog med både vegstyresmaktene og andre interessentar, blant anna Vegtilsynet, Kartverket, Forsvaret og Datatilsynet. Vi har også sendt ut nyheitsbrev med informasjon om framdrifta og tilgjengelege arenaer for dialog. Interessentane har vore inkluderte i styringsgruppa, gjennom dialogmøte og i arbeidsgrupper som har utarbeidt forslag til innhald og gitt tilbakemeldingar på forskriftstekst.
Dialogmøte våren 2021
Innspel til forskriftsarbeidet våren 2021
I 2022 var det mykje dialog om utkast til forskrift og høyringsnotat mellom Samferdselsdepartementet og Vegdirektoratet og våren 2023 var forslaget på interdepartemental høyring.
Offentleg høyring
Den 15. juni 2023 blei endeleg forslaget til ny vegdataforskrift sendt på formell, offentleg høyring til fleire hundre høyringsinstansar.
Høyringsfristen var fyrst 20. oktober 2023, men for å gi tid til politisk behandling i fylkeskommunane etter valet, blei fristen forlenga til 1. desember. Du finn høyringsdokumenta her: Høring – forslag til ny forskrift om vegdata, trafikkinformasjon, trafikkberedskap og trafikkstyring.
Kva skjer vidare
For tida arbeider Vegdirektoratet med å gå gjennom og vurdere høyringsinnspela. Planen er å sende ei oppsummering og anbefaling til Samferdselsdepartementet rundt påsketider.