Kvifor ny forskrift?
Gode data er viktige for sikker, effektiv, føreseieleg og berekraftig vegtransport.
Data som beskriv vegnettet, vegtilstanden og trafikkforholda er avgjerande for å oppnå eit trygt og effektivt vegtransportsystem. Både reisande og næringsdrivande stoler på gode data om veg og trafikkforhold når dei planlegg reise og transport. Den som reiser eller transporterer gods skal oppleve at vegnettet heng saman og gir lik informasjon, uavhengig om dei køyrer på ein europaveg, riksveg, fylkesveg eller kommunal veg.
Vegforvaltarer på alle nivå treng data om vegnettet, vegtilstanden og trafikkforholda i si verksemd til planlegging, bygging, drift, vedlikehald og regulering av trafikken. Eit godt datagrunnlag er særleg viktig for samfunnssikkerheit og beredskap. Kort sagt er vi alle avhengige av å vite nøyaktig kvar vegane går, kva slags veg det er, om vegen er stengd og eventuelle omkøyringsruter, kva som finnes på og rundt dei, kva tilstand dei har og korleis trafikken er.
Denne korte filmen om den nye forskrifta og Nasjonal vegdatabank illustrerer nytta av korrekte og oppdaterte data for heile vegnettet.
Særleg desse forholda gjer at vi treng ny forskrift om vegdata og trafikkinformasjon:
- Regionreforma og avviklinga av sams vegadministrasjon har skapt behov for betre forskriftsregulering av vegstyresmaktene og Nye veier AS sine oppgåver og ansvar for å levere data til nasjonale tenester og system.
- Digitalisering og ny teknologi innan transportsektoren gir nye typar og auka mengder data. Analysar av desse kan gi grunnlag for nye og betre tenester til trafikantane og for rett prioritering av vedlikehaldstiltak.
- Regelverket bør vere teknologinøytralt slik at det ikkje hindrar bruken av ønska, ny teknologi.
- Det er behov for reglar som bidrar til god ivaretaking av digital sikkerheit og personvern.
Forskrifta skal regulere ansvar og oppgåver innan innhenting, kvalitetssikring, formidling, lagring og tilgjengeleggjering av vegdata og vegtrafikkdata. Det same gjeld ansvar for og oppgåver innan trafikkstyring og trafikkberedskap. Reglar om samarbeid skal sikre at alle vegforvaltarane har innflytelse på og engasjerer seg i arbeidet med å utarbeide handbøker og krav.