Oppfriskingskurs for bilførarar over 65 år
Statens vegvesen inviterer alle over 65 år til eit gratis oppfriskingskurs over to dagar.
Kvar kursdag varar 3,5-4 timar. Kurset er friviljug og ein hyggeleg måte å friske opp kunnskapar om bilkøyring på. Fleire tusen bilførarar har gjennomført kurset, og erfaringane frå deltakarane er svært positive.
Vi går gjennom ulike tema som vi diskuterer i felleskap. Du er sjølv med på å bestemme innhaldet i kurset.
Vi testar verken køyreferdigheitene dine eller kva du kan om trafikkreglar. Det er ingen eksamen av noko slag, og du risikerer ikkje å miste førarkortet ditt.
Kursinnhald
Tema som ofte går att, er
- vikeplikt
- rundkøyring
- veggoppmerking
- lyskryss
- motorveg
- lysbruk
- forbikøyring
- parkeringsreglar
Slik melder du deg på kurs
- Klikk på knappen «Meld deg på kurs Bilførar 65+» og oppgi postnummeret ditt.
- Du får opp ei liste med aktuelle kurs, og ser kvar og når dei blir arrangerte. Først vil du få sjå dei kursa som er nærast i tid og avstand. Legg merke til at kursa går over to dagar, så du vil sjå to datoar og klokkeslett per kurs
- Vel ønskt kurs. Oppgi namn, e-post, telefonnummer og kor mange deltakarar du ønskjer å melde på. Har du problem med nettpåmeldinga, kan du kontakte oss på telefon 74 12 20 12.
- Når du har meldt deg på, vil du få ei stadfesting om at påmeldinga er registrert.