Digitalt førarkort
Få førarkortet på mobilen og la det fysiske førarkortet liggje heime når du køyrer bil i Noreg.
Skal du til utlandet, må du framleis ha med det fysiske førarkortet ditt.
Digitalt førarkort er gyldig som legitimasjon dersom du blir stoppa i trafikkontroll. Du kan ikkje forvente at det blir godkjent som legitimasjon i andre tilfelle.
Bruker du det digitale førarkortet når du er ute og køyrer, må du hugse å ha straum på mobilen til heile køyreturen, og skjermen må vere leseleg.
Last ned appen
Her kan du laste ned appen «Førerkort»:
Tekniske krav til mobilen
Du kan berre nytte digitalt førarkort på éin telefon om gongen.
For versjon 2.0 av «Førerkort»-appen må telefonen din ha minimum iOS-versjon 15.0 eller Android-versjon 10.0.
Du må logge inn i appen
Du må logge inn i appen med ID-porten første gongen du bruker han. Deretter kommer vi til å be deg logge inn med ID-porten éin gong i året.
Dette er ein ekstra tryggleik vi har innført, og du kan ikkje bruke appen igjen før du har logga inn på nytt.
Får du ikkje logga inn?
Får du feilmeldinga “feilkode: Autentisering”, eller får du av andre grunnar ikkje logga inn i førarkort-appen? Finn telefonen din og standard nettlesar under og følg rettleiinga.
Får ikkje logga inn i appen på Android telefon?
Rettleiinga gjeld for alle Android-nettlesarar.
- Gå ut av førarkort-appen, og lukk han heilt ved å sveipe han vekk i oversikta over nyleg brukte appar.
- Gå inn på https://www.vegvesen.no med nettlesaren som er sett til standardnettlesar på telefonen din.
- Logg inn på Di side med BankID.
- Opne førarkort-appen og logg inn.
- Du skal då ikkje trenge å logge inn med BankID på nytt, og vil kome direkte inn i appen.
Får ikkje logga inn i appen på iPhone?
Dersom du fortsatt ikkje får logga inn når du har fulgt rettleiinga, kan du kontakte oss.
Det digitale førarkortet speglar det fysiske førarkortet ditt
Saknar du førarrett for nokon klassar i det digitale førarkortet ditt er det fordi desse ikkje er påførte det fysiske førarkortet ditt. Du kan logge inn på Di side for å sjå alle klassane du har førarrett for.
Dersom du ønskjer at alle klassane skal visast på det digitale førarkortet ditt, må du fornye det fysiske førarkortet.
Er det ulik gyldigheit på det fysiske og digitale førarkortet ditt?
19. januar 2013 kom det nytt regelverk som gjer at førarkort ikkje lenger er gyldige til ein fyller 100 år.
Er førarkortet ditt utferda føre denne datoen vil det vere ulik gyldigheit på det fysiske førarkortet ditt og det digitale førarkortet.
Krav til deg som vil ha digitalt førarkort
Dersom du vil ha digitalt førarkort må
- du ha eit gyldig norsk fysisk førarkort
- må du ha eit førarkort i bankkortstorleik
- må biletet ditt vere lagra digitalt hos Statens vegvesen
- må du vere registrert som busett i Noreg (inkludert Svalbard)
Du får melding i appen om du ikkje kan aktivere digitalt førarkort. Du får òg vite kva du må gjere for å ta det i bruk.
Appen kan vise mellombels førarbevis
Dersom du allereie har digitalt førarkort når du bestiller nytt fysisk førarkort, viser førarkort-appen eit mellombels førarbevis når du har bestilt fornying av førarkortet ditt. Det kan du bruke ved kontroll. Det mellombelse førarbeviset er gyldig i éin månad.
Dersom du ikkje har digitalt førarkort frå før og nettopp har bestilt fysisk førarkort, kan du først bruke det digitale førarkortet når det fysiske førarkortet er produsert. I dette tilfellet får du ikkje eit mellombels førarbevis i appen.