Kva kan du køyre med førarkort klasse AM?
Med førarkort for klasse AM kan du køyre moped med to, tre eller fire hjul. Førarretten kan vere avgrensa med ein kode.
Du må vere minst 16 år for å ta førarkort for klasse AM. Det er ikkje tillate å køyre moped utan mopedførarbevis eller førarkort som gir deg rett til å køyre moped.
Informasjon om mopeden, som eigenvekt og køyretøytype, står i vognkortet.
Moped
Du kan køyre moped med to, tre eller fire hjul. Kva type du kan køyre, avheng av om det er ein kode ut for klasse AM i førarkortet ditt, eller om du har mopedførarbevis. Mopedførarbevis vart utferda fram til 2005.
Du kan ikkje trekkje tilhengjar med ein moped. Ein moped må ikkje kunne køyre fortare enn 45 km/t.
Mopedbil
Du kan køyre mopedbil dersom du har kode 147. Sjå over.
Ein mopedbil ser ut som ein vanleg bil. Han har karosseri, ratt og pedalar, men er registrert som moped.
ATV
Du kan køyre ATV som er registrert som moped. Då gjeld dei same reglane som for moped.
Vil du ta førarkort for andre klassar?
Sjå korleis du går fram for å utvide førarkortet ditt med andre klassar.