Førarkort i klasse S gir deg rett til å køyre snøscooter med eller utan tilhengjarslede. I enkelte tilfelle kan du køyre snøscooter utan å ha klasse S.

Du må vere minst 16 år for å ta førarkort for klasse S.

Informasjon om snøscooteren, for eksempel om han er i klasse 1 (kode B1) eller 2 (kode B2), står i vognkortet.

Snøscooter

Du kan køyre alle typar snøscooter med eller utan tilhengjarslede.

Dersom du er under 18 år

Er du yngre enn 18 år, kan du berre køyre snøscooter i klasse 1. På ein snøscooter i klasse 1 er forholdet mellom effekt og eigenvekt maks 0,35 kW/kg.

Du kan køyre i Noreg og Sverige

Til skilnad frå andre førarkortklassar gjeld klasse S ikkje internasjonalt. Du har likevel lov til å køyre i både Noreg og Sverige. Snøscooteren må vere registrert i Noreg eller Sverige.

Ver merksam på kvar du køyrer

Av omsyn til miljøet og trafikken er det avgrensa kvar og korleis du kan køyre med snøscooter.

Det er normalt forbode å køyre med snøscooter på offentleg veg.

Når kan du køyre snøscooter utan førarkort for klasse S?

Vil du ta førarkort for andre klassar?