Slik søkjer du om tilrettelagd teoriprøve
Når du har søkt om førarkort kan du søkje om tilrettelagd teoriprøve.
Slik søkjer du frå ein pc
- Du må søkje om førarkort før du søkjer om tilrettelagd teoriprøve
- Gå til Kontakt oss-sida vår og fyll ut personleg informasjon i skjemaet.
- Last ned søknadsskjemaet for tilrettelagd teoriprøve.
- Fyll ut søknadsskjemaet og lagre det på pc-en din.
- Last opp søknaden og dokumentasjon som stadfester at du har behov for tilrettelagt teoriprøve.
- Send inn søknaden.
Dei fleste får svar på søknaden innan to veker, men det kan ta opptil fire veker.
For raskast mogleg behandling må du sørgje for at du har søkt om førarkort før du søkjer om tilrettelagd teoriprøve. Det er også viktig at skjemaet du har levert inn har riktig utfylt informasjon og dokumentasjon.
Du må i tillegg bestille time til teoriprøve
Når du får innvilga søknaden, må du i tillegg bestille time til teoriprøva ved ein trafikkstasjon vedå ringe 22 07 30 00.
Skal du ha teoriprøve med tolk må du opplyse om dette på telefonen. Du er sjølv ansvarleg for å bestille godkjend tolk før du møter på trafikkstasjonen.
Slik søkjer du om tilrettelagd teoriprøve på papir
Du må søkje om førarkort før du søkjer om tilrettelagd teoriprøve.
Last ned søknadsskjemaet
Send søknaden til Statens vegvesen
Fyll ut søknadsskjemaet, og send det saman med dokumentasjon frå for eksempel fastlege eller logoped til:
Statens vegvesen
Postboks 1010 Nordre Ål
2605 Lillehammer