Hjelp oss å gjere det lettare å søke om tilrettelagd teoriprøve.​ Har du nokre minutt til å svare på ei spørje­undersøking om tilrettelagd teoriprøve (blir opna i ny fane)?

Du kan søkje om å bruke tolk dersom du ønskjer å gjennomføre teoriprøva på eit anna språk enn dei som er tilbodne. Du må sjølv betale for å bruke tolk.

Du kan bruke tolk når du skal ta teoriprøva for bil, moped/mopedbil, traktor, motorsykkel og snøscooter.

Du kan ikkje bruke tolk når du skal ta teoriprøve for ADR, drosjesjåførkompetanse og yrkessjåførkompetanse, eller teoriprøva for tunge klassar (klasse C1, C, CE, D1 eller D).

Du får hjelp av tolk og sensor

Ved ei tilrettelagd teoriprøve sit du saman med sensor på eit eige rom. Tolken deltar digitalt på skjerm. Sensor formidlar oppgåvene til tolken, slik at du får oppgåvene opplesne på ditt eige språk. Du svarar til tolken på ditt eige språk, eller til sensoren på norsk.

Du må bruke godkjend tolk

Tilrettelagd teoriprøve med tolk går føre seg på skjerm, slik at du og tolken kan vere i forskjellige delar av landet. Du må sjølv bestille godkjend tolk. Du må betale for tolken sjølv.

Slik bestiller du tilrettelagd teoriprøve med tolk

  1. Du må få godkjend søknaden din om tilrettelagd teoriprøve før du ringjer oss.
  2. Bestill time til tilrettelagd teoriprøve med tolk ved å ringe 22 07 30 00. Opplys at det er ei teoriprøve med tolk du ønskjer å gjennomføre.
  3. Kontakt tolkefirma for bestilling av tolk til prøva. Du er sjølv ansvarleg for å bestille tolk til riktig dato og tid. Etablerte tolketenester skal vere kjende med at tolkane som blir nytta til dette skal vere godkjende av Statens vegvesen, og at det berre skal nyttast fjerntolking for gjennomføring av teoriprøva.
  4. Utgifter til tolk må du betale sjølv.

Oversikt over trafikkstasjonar med tilbod om tolking

Trafikkstasjonar i aust

Trafikkstasjonar i vest

Trafikkstasjonar i sør

Trafikkstasjonar i midt

Trafikkstasjonar i nord

Tilrettelagd teoriprøve