Av- og påregistrering
Du kan sjølv avregistrere og registrere køyretøyet ditt på Di side når du ønskjer det.
Du kan også avregistrere og registrere køyretøy på ein trafikkstasjon. Du må bestille time når du skal på ein trafikkstasjon.
Du kan avregistrere køyretøyet ditt sjølv på Di side dersom du ikkje skal bruke det i ein periode. Du treng ikkje levere inn skilta på avregistrerte køyretøy. Er du under 18 år, kan du finne kva reglar som gjeld for deg lenger ned på denne sida.
Har du eit sesongkøyretøy eller eit anna køyretøy du ikkje skal bruke i ein periode, kan du spare forsikringsutgifter og trafikkforsikringsavgift ved å avregistrere det. Køyretøyet kan vere avregistrert så lenge du ønskjer det, og avregistrerte køyretøy treng ikkje å gå gjennom EU-kontrollar.
Når du avregistrerer køyretøyet ditt, blir både ansvarsforsikring og trafikkforsikringsavgifta automatisk sagt opp. Har du andre forsikringar, som brann- eller tjuveriforsikring, tilrår vi at du kontaktar forsikringsselskapet ditt for å avklare kva forsikringar som framleis skal vere aktive.
Har du nyleg registrert køyretøyet, kan du ikkje avregistrere det igjen før det har gått meir enn 14 dagar. Det må altså ha vore registrert i minst 15 dagar før du kan avregistrere det igjen. Det er unntak dersom køyretøyet vart registrert i samband med eit eigarskifte.