Chiptuning
Dersom du trimmar eller chiptunar motoren i køyretøyet ditt må det godkjennast av Statens vegvesen og skrivast inn i vognkortet.
Dersom køyretøyet ditt er trimma eller chiptuna uten at det er godkjent av Statens vegvesen, er det ulovleg å bruke det. Du risikerer at køyretøyet ditt blir avskilta i ein kontroll. Dette gjeld sjølv om trimminga er gjort før du overtok køyretøyet. Den som bruker køyretøyet har ansvar for at køyretøyet er i forskriftsmessig stand.
Avgift
Dersom du skal trimme eller chiptune køyretøyet ditt, må du i mange tilfelle betale ekstra avgift. Det er det ditt eige ansvar å kontrollere om du må betale avgifter. Sjekk om du må betale ekstra avgift på køyretøyet ditt (Skatteetaten).
Chiptuning kan gi ulovleg høge utslepp
Chiptuning betyr at køyretøyet får ny motorstyring/programvare som gir høgare motoreffekt. Chiptuning vil i mange tilfelle gi høgare utslepp enn det er godkjent med. For å få godkjent chiptuning må du leggje fram dokumentasjon frå ein offentleg godkjend testinstans på at køyretøyet framleis tilfredsstiller utsleppskrava. Slike testinstansar kan være TÜV eller Dekra. Det er ingen slike testinstansar i Noreg.
Mange verksemder som tilbyr chiptuning kan ikkje dokumentere utsleppsnivåa. Dersom du har chiptuning eller har trimma køyretøyet ditt utan godkjend dokumentasjon på utsleppsnivået, vil ikkje bilen bli godkjend i kontroll.
Andre tekniske krav
For å få godkjent køyretøyet må det tilfredsstille ei rekke krav, mellom anna til bremsar, dekk, støy og utslepp.