Skal du prøvekøyre eit køyretøy som ikkje er registrert, flytte det, eller køyre det i samband med reparasjon eller fortolling må du bruke eit prøveskilt.

Bestill prøveskilt Logg inn

Viss du har vanlege skilt på køyretøyet, tilrår vi at du tek skilta av før prøveskilta blir festa.

Du kan bruke prøveskilt ved

  • prøvekøyring, til dømes i samband med kjøp og sal
  • flytting av køyretøy frå ein stad til eit anna
  • prøving av køyretøy i samband med reparasjon eller anna
  • køyring i samband med fortolling, godkjenning og registrering

Prøveskilt kan berre brukast på køyretøy som aldri har vore registrert i Noreg, eller som er avregistrert i Kjøretøyregisteret. Du som sjåfør har ansvar for at køyretøyet er i forsvarleg stand når det blir brukt. Prøveskilt kan du også bruke i Sverige, Danmark og Finland.

Du kan bestille prøveskilt på Di side, også til køyretøy du ikkje eig sjølv. Er det meir enn 10 vyrkedagar til du skal bruke dei, kan du få skilta tilsende i posten. Skal du bruke prøveskilta før 10 vyrkedagar, må du hente dei på ein trafikkstasjon.

Du må bestille time for å hente prøveskilt på ein trafikkstasjon. Hugs å ha med deg gyldig legitimasjon.

Prøveskilt og køyresetel

Prøveskilt kostar 380 kroner per dag, og du må vere fylt 16 for å kunne kjøpe det.
Dette gebyret kan ikkje refunderast.

Prøveskilta er laga av ein folie som blir klistra på bilen der dei vanlege skilta elles ville vore monterte. Desse blir kasta etter bruk.

Saman med prøveskiltet får du ein køyresetel som du må ha med under køyring og kunne vise fram ved kontroll.

Når skal du ikkje bruke prøveskilt?

Du kan ikkje bruke prøveskilt til til dømes til rallykøyring, alle former for billøp, øvingskøyring, russearrangement, på campingvogn ved ordinære helgeturar.

Prøveskilta kan heller ikkje brukast til transport av personar og gods viss ikkje trafikkstasjonen har gitt løyve til det, og det er påført køyresetelen. Når eit uregistrert køyretøy blir slept og slepinga krev at ein person sit i førarsetet, skal han ha prøveskilt.

Så lenge varer eit prøveskilt

Hovedregelen er at du kan kjøpe prøveskilt for 24 timar. Du bestemmer sjølv når du startar på gyldigheita til eit prøveskilt, og skilta kan bestillast inntil 60 dagar før dei skal brukast.

Bestill time på ein trafikkstasjon viss du skal bestille prøveskilt for

  • fleire etterfølgjande dagar
  • eit køyretøy som tidlegare ikkje har vore registrert i Noreg

Kjøpe prøveskilt på ein trafikkstasjon?

Skal du kjøpe prøveskilt på ein trafikkstasjon, må du ha med gyldig legitimasjon.

Du må bestille time når du skal kjøpe prøveskilt på ein trafikkstasjon.

Du må oppgi følgjande

  • fødsels-/organisasjonsnummer
  • registreringsnummer
  • eventuelt understellnummer (viss du ikkje har registeringnummer)
  • formål
  • køyrestrekning
  • varigheit

Andre kan hente prøveskilt for deg

Viss nokre andre enn den som har bestilt prøveskilta skal hente dei på ein trafikkstasjon, må den som hentar prøveskilta ha med ei fullmakt. Fullmakta må vere på papir og må innehalde:

  • namn på bestillaren som gir fullmakt
  • signatur frå den som gir fullmakt
  • legitimasjon eller kopi av legitimasjon frå den som gir fullmakt
  • namn på den som har fått fullmakta til å hente prøveskilta
  • nummeret på prøveskilta som skal hentast

Treng ikkje forsikring

Du treng ikkje ansvarsforsikring når du køyrer med prøveskilt fordi forsikringa blir dekt av Statens vegvesen.

Raudt skilt med svart tekst, viser skiltnummer og gyldig dato.
Eksempel på eit prøveskilt. Foto: Statens vegvesen