Bestill skilt på e-post
Du kan bestille skilt ved å sende ein e-post til Statens vegvesen.
For å bestille skilt på e-post, må du vite kva trafikkstasjon du skal hente skilta på. Du er sjølv ansvarleg for at bestillinga er korrekt, og at du hentar og betaler for skilta på trafikkstasjonen. Prisen på eitt skilt er 60 kroner, eitt sett på to skilt kostar 120 kroner. Hugs at dei gamle skilta må leverast før du får utlevert nye.
Du må bestille time når du skal på ein trafikkstasjon.
Dette må e-posten innehalde
Du må sende oss
- namn på eigar
- telefonnummer
- registreringsnummer
- farge på skilt
- talet på skilt (eitt eller to)
- kva trafikkstasjon du ønsker å hente skilta på
- årsaken til kvifor du bestiller skilt
I emnefeltet på e-posten skriv du: «Bestill skilt: Navnet på trafikkstasjonen». E-posten sender du til det fylket trafikkstasjonen ligg i, adressa finner du i lista under.
E-postadresser for bestilling av skilt
Akershus, Buskerud, Østfold, Oslo og Innlandet
E-postadresse:
Vestfold, Telemark og Agder
E-postadresse:
Rogaland og Vestland
E-postadresse:
Møre og Romsdal og Trøndelag
E-postadresse:
Nordland, Troms og Finnmark
E-postadresse: