Er skiltet ditt stole eller mista må du melde det tapt til politiet før du kan bestille nye skilt hos Statens vegvesen.

Du må melde tap av skilt til politiet, anten det er tapt eller har blitt stole, fordi skilt på avvegar kan bli misbrukt. I dei aller fleste tilfelle vil du få ny bokstav- og talkombinasjon. 

Når tapet er meldt til politiet, og politiet har stempla tapsmeldinga eller gitt deg ei stadfesting på ei gyldig politimelding, kan du deretter melde tapet til Statens vegvesen. Dette kan du gjere sjølv i sjølvbeteningsløysinga vår.

Slik får du nye skilt

Meld skiltet tapt til politiet

Mistenkjer du at nokon har stole skilta dine, kan du melde saka hos politiet (politiet.no).
Du har ikkje ei gyldig politimelding før politiet har behandla meldinga og gitt deg eit referansenummer. Skjermbilete av at du har sendt inn meldinga til politiet er ikkje god nok dokumentasjon.

Har du derimot mista skiltet, må du fylle ut skjemaet Melding om tap av kjennemerke (PDF). Det utfylte skjemaet må du få attestert hos politiet. Skjemaet må altså vere ferdig utfylt av deg og politiet før du kan melde skilta tapte hos Statens vegvesen.

Meld ifrå til Statens vegvesen

Når tapet er meldt, og politiet har signert og stempla tapsmeldinga, kan du melde tap til Statens vegvesen. Dette kan du gjere sjølv i sjølvbeteningsløysinga vår. I sjølvbeteningsløysinga lastar du opp ferdig utfylt tapsskjema. Etter at dokumentasjonen og tapsmeldinga er levert til oss, blir meldinga behandla av ein saksbehandlar.

Meld tap av skilt

Dersom du berre har mista eitt skilt eller det hastar

Dersom du berre har tapt eitt av to skilt, eller dersom det hastar å få utlevert nye skilt og melde tapet, kan du også gjere det på ein trafikkstasjon.

Når du drar til trafikkstasjonen må du ha med deg dokumentasjon på at tapet er meldt til politiet. Anten utfylt skjema attestert av politiet, eller signert og stempla politimelding dersom du har meldt skiltet stole.

Elles må du også ta med:

  • gyldig legitimasjon
  • skiltet som er att, dersom berre eitt skilt er stole eller tapt

Skal du framleis bruke bilen, får du nye skilt og mellombels vognkort med deg med éin gong. Nytt vognkort blir sendt til deg i posten.

Du må bestille time for å melde tap av skilt på ein trafikktasjon.

Bestill time

Bestill nye skilt

I dei fleste tilfelle vil du få ny bokstav- og talkombinasjon på skilta. Det finst nokre unntak.

Tyngre køyretøy kan i visse tilfelle behalde same bokstav- og talkombinasjon, og veteranbilar (bilar eldre enn 30 år) kan behalde same registreringsnummer.

Bestille nye skilt digitalt

Når tapsmeldinga er ferdig behandla av Statens vegvesen, får du eit vedtaksbrev i den digitale postkassa di. Dersom alle skilta til køyretøyet er meldt tapte, kan du bestille nye skilt heim i posten etter at tapsmeldinga er godkjend. 

Gå inn på "tap av skilt" når du har fått vedtaksbrev for å bestille nye.

Meld tap av skilt

Få nye skilt på trafikkstasjon

Dersom du melder tap på ein trafikkstasjon, kan du i dei fleste tilfelle få utlevert nye skilt samtidig. Du får nytt vognkort tilsendt i posten.

Pris for nye skilt

Prisen på eitt skilt er 60 kroner, eit sett med to skilt kostar 120 kroner. 

Meld frå til andre verksemder

Hugs å gje melding til andre verksemder om at du har fått nytt registreringsnummer. Det kan til dømes vere bomselskap eller parkeringsselskap.