Søk om personleg skilt
Du kan søkje om å få skilt med ein kombinasjon av bokstavar og tal som du sjølv har valt, dersom du er over 18 år og eig eit køyretøy.
Du kan søkje om personleg skilt til bruk på alle typar køyretøy. Skiltet må ha minst 2 bokstavar eller tal, ekskludert mellomrom, men maks 6 eller 7 teikn, inkludert mellomrom. Storleiken på skiltet avgjer kor mange bokstavar eller tal det kan vere.
- Bilar (til dømes personbilar, varebilar, lastebilar og bubilar) med ordinært skilt i storleik 52 x 11 cm (stort/smalt), kan ha inntil 7 bokstavar og tal. Mellomrom blir rekna som bokstav/tal.
- Campingvogner, mopedar, motorsyklar, traktorar, tilhengjarar, US-skilt, stort/høgt og små skilt til bil kan ha inntil 6 bokstavar og tal. Mellomrom blir rekna som bokstav/tal.
For å søkje må du vere over 18 år og vere eigar av eit køyretøy. Køyretøyet kan ikkje ha ein medeigar. Du kan ikkje bruke personleg skilt på køyretøy er leasa. Det er mogleg å søkje om personleg skilt på vegner av ei bedrift du representerer.
Slik får du personleg skilt
- Logg inn for å sjekke om bokstav- og teiknkombinasjonen du ønskjer er ledig
- Søk om å ta det i bruk
- Vent på svar om bokstav- og teiknkombinasjonen kan brukast
- Betal 9 000 kroner
- Bestill skilta på Di side
- Knytt skiltet til køyretøyet
Når du har betalt for skiltet kan du ikkje endre namnet, eller få pengane tilbake. Betaler du ikkje innan fristen på 30 dagar, blir skiltnamnet tilgjengeleg for andre å søkje om
Bruk av personleg skilt
For å bruke personleg skilt på køyretøy, må du først knyte skiltet til køyretøyet du skal bruke det på. Det kan du gjere via Di side. Køyretøyet skal også vere utstyrt med bombrikke. Dette gjeld ikkje køyretøy som er friteke for betaling av bompengar.
Dersom du vil flytte det personlege skiltet ditt til eit anna køyretøy, kan du gjere det på Di side.
Det personlege skiltet skal ha same farge som det ordinære skiltet. Dersom du til dømes har varebil med grøne skilt, kan du ikkje bruke kvitt personleg skilt.
Skal du selje køyretøyet ditt, må du hugse å fjerne tilknytinga til det personlege skiltet. Du beheld retten til det personlege skiltet og kan bruke det på eit anna køyretøy.
Det personlege skiltet kan som hovudregel ikkje bli overført til andre. Les om å overføre personleg skilt på lovdata.no
Misbruk av personleg skilt
Du mistar retten til å bruke det personlege skiltet dersom det vert misbrukt. Då vil Statens vegvesen krevje at du leverer skiltet inn.
Brukar du skiltet på eit køyretøy som det ikkje er knytt til, blir dette rekna som misbruk av skiltet.
Hent skilta på ein trafikkstasjon
Du får beskjed på SMS eller e-post når skilta er klare, og du må bestille time for å hente dei. Skilta skal ikkje nyttast utan å vere knytt til eit køyretøy. Dette kan du gjere sjølv på Di side. Dersom du ønskjer at trafikkstasjonen skal knyte skiltet til eit køyretøy, må du vise bombrikkeavtale ved oppmøte.
Har retten på skiltnamnet i 10 år
Du beheld retten til bokstav- og teiknkombinasjonen i 10 år. Du kan ikkje avslutte han før, men kan bruke dei ordinære skilta når du vil.
Ønskjer du å behalde retten må du søkje om å fornye retten seinast éin månad før den går ut (og tidlegast tre månader før).
Byt til ordinære skilt når du skal køyre utanfor Noreg
Du beheld dei ordinære skilta, sjølv om du får personleg skilt. Skal du køyre i andre land enn Noreg, tilrår vi deg å ha på det ordinære skiltet til bilen.
Nye skilt må ha same storleik som dei ordinære
Dei nye personlege skilta må vere av same storleik og type som dei ordinære skilta til køyretøyet du skal bruke dei på. Ønskjer du til dømes å bruke personleg skilt i amerikansk storleik (US-skilt), må bilen din vere godkjent for bruk av den typen skilt. Har bilen din skilt i vanleg storleik, kan du altså ikkje bruke personleg skilt i amerikansk storleik.
Plassering av teikn på høge skilt/US-skilt
Høge personlege skilt kan maksimalt ha seks bokstavar og tal, inkludert mellomrom. Det kan ha inntil tre bokstavar og tal på øvste rad, og inntil tre bokstavar og tal på nedste rad.
Første bokstav eller tal blir plasserte til venstre på øvste rad. Etter tre teikn held det fram med tal og bokstavane på nedste rad. Dersom du vil ha tre teikn eller mindre på skiltet, blir dei plasserte på øvste rad.