Søk om lite skilt / US-skilt
Du kan søka om å få lite skilt / US-skilt til bilen din dersom det ikkje er plass til å montera dei ordinære skilta.
For å søka om lite bilskilt må du dokumentere at det anten er
- fysiske forhold ved bilen som gjer det vanskeleg å montere og bruke store bilskilt.
eller at
- eit stort skilt (ordinært skilt) er til hinder for normal bruk av bilen.
Rene estetiske forhold er ikkje grunnlag for å få eit lite skilt.
Slik søkjer du
Du søkar ved å fylla ut Søknad om tildeling av lite skilt / US-skilt til bil (PDF). Du må leggje ved dokumentasjon som er relevant for søknaden din. Om du ikkje legg ved dokumentasjon, avslår vi søknaden din. Sjå meir om dokumentasjonskrav nedanfor.
Fysiske forhold ved bilen gjer det vanskeleg å bruke stort skilt
Du sender oss bilete av bilen for å vise oss at det er fysiske forhold ved bilen som gjer det vanskeleg å montere og bruke store bilskilt. Bileta må ha god oppløysing og skal gi oss grunnlag for å vurdere om bilen oppfyller vilkåra.
Dette skal du sende oss bilete av:
- Bilete av bilen skrått framanfrå
- Bilete av bilen skrått bakfrå
- Bilete av avsett plass for skilt
- Bilete av understellsnummer
Du ser kvar understellsnummeret er plassert, i instruksjonsboka til bilen. Er det vanskeleg å ta bilete av understellsnummeret kan du logge inn og bestille time for køyretøykontroll og velje «Korrigering av nye tekniske data med verknad frå dagens dato».
Eit stort skilt hindrar normal bruk av bilen
For å vise at stort skilt hindrar normal bruk av bilen, skal du i tillegg til bileta sende dokumentasjon frå køyretøyfabrikanten eller ein uavhengig prøveinstans (som til dømes TÜV eller DEKRA). Dokumentasjonen skal seie kvifor ordinært skilt hindrar normal bruk av bilen.
Om søknaden blir innvilga
Om søknaden din om lite skilt / US-skilt blir innvilga, kan du bestille skilta.
Du loggar inn på Di side og bestiller erstatningsskilt i riktig storleik.
Dersom du har ordinært skilt frå før som ikkje skal brukast på bilen, må dette leverast inn. Du må bestille time når du skal til ein trafikkstasjon.
Prisar
Prisen på eitt skilt er 60 kroner, eitt sett på to skilt kostar 120 kroner.
Leveringstid
Om skilta må bestillast først, tar det frå to til fem virkedager før du kan henta dei på trafikkstasjonen.