Godkjenning av tilhengjar for å køyre i 100 km/t
Visse tilhengjarar og campingvogner kan bli godkjende for Tempo 100. Det er Statens vegvesen som godkjenner.
Tempo 100-godkjenning gjer det tillate å trekkje enkelte tilhengjarar eller campingvogner i opptil 100 km/t. Dersom du har ein tilhengjar som er eldre enn fire år, må han ha ein godkjend EU-kontroll før du kan bestille kontroll for Tempo 100 hos Statens vegvesen. Tilhengjarar som er godkjende for Tempo 100 skal ha godkjend EU-kontroll kvart andre år på same måte som vanlege personbilar.
Det er også krav til bilen som skal trekkje hengjaren. Sjølv om tilhengjaren er godkjend for Tempo 100, kan du altså ikkje køyre i 100 km/t utan at trekkbilen er innanfor krava.
Du kan sjekke om bilen og tilhengjaren din kan bli godkjende for Tempo 100 i kalkulatoren under.
Frå 18. mars 2024 er det mogleg å køyre med norsk Tempo 100-godkjenning i Danmark. Du kan òg køyre med dansk Tempo 100-godkjenning i Noreg dersom tilhengjaren ikkje er norskregistrert. For meir informasjon om krav og vilkår les meir om internasjonale Tempo 100-ordningar.
Du finn riktig kontrolltype under menypunktet «Ombygging — godkjenning av endringar på køyretøyet», og med beskrivinga «Godkjenning av Tempo 100»