Dersom det importerte køyretøyet har EF-typegodkjenning, er godkjenninga også gyldig i Noreg.

For personbilar, motorsyklar, traktorar og tilhengarar (medrekna campingvogner) er det frå 1996 og framover innført ei felles ordning for typegodkjenning innan EU og EØS-området. Importørar må sjekke når ordninga blei innført for den enkelte køyretøygruppa. EF-typegodkjenning blir utferda til produsentar av køyretøy og er uavhengig av kven som importerer.

Korleis kan ein finne ut om køyretøyet er EF-typegodkjent?

  • Dersom køyretøyet er nytt, skal det følgje med eit originalt samsvarssertifikat utferda av køyretøyprodusenten (engelsk: Certificate of Conformity, COC). Importørar må passe på at dette sertifikatet følgjer med køyretøyet.
  • Dersom køyretøyet er brukt (tidlegare registrert) vil EF-typegodkjenninga gå fram av eit typegodkjenningsnummer på den såkalla fabrikasjonsplata. I mange tilfelle vil det utanlandske vognkortet også innehalde informasjon om EF-typegodkjenningsnummer.

Dersom køyretøyet ikkje er EF-typegodkjent, må det enkeltgodkjennast i Noreg før det blir registrert. For kommersielle importørar gjeld også Nasjonal typegodkjenning.

Sakshandsamingstid

Ventetida for å få handsama søknad om overføring av EF-typegodkjenning til Autosys/norsk typegodkjenningsregister og avgiftsklassifisering er for tida inntil 5 veker.

Har du spørsmål om status på søknaden din? Vi minner om at saksbehandlingstida er 5 veker. Vi har dessverre ikkje kapasitet til å svare på førespurnadar om status før saksbehandlingstida har gått ut. 

Sist oppdatert: