Les meir om API for tekniske køyretøyopplysingar med eigarinformasjon og API for køyretøyhendingar. Du får månadleg faktura for desse tenestene.

Bestill tilgang til API-et Logg inn

API for tekniske køyretøyopplysingar med eigarinformasjon

API står for Application Programming Interface, som tillet programvaresystem å kommunisere med kvarandre. Dersom du vil bruke API-a våre, må du sjølv sørgje for at IT-systemet ditt kan snakke med systemet vårt. For å få det til, treng du kunnskap om programmeringsspråk, nettverkskommunikasjon og ofte også sikkerheitspraksis.

Staten vegvesen tilbyr API for tekniske køyretøyopplysingar med eigarinformasjon. Du kan gjere spørjing på eitt konkret køyretøy eller eigar av køyretøy og få returnert køyretøyopplysingar og eigarinformasjon på eit gitt tidspunkt.

API-et er utvikla av Statens vegvesen for verksemder som inngår avtale om bruk av tenesta og som ønskjer å integrere fagsystem med Køyretøyregisteret. Tenesta kan nyttast av verksemder direkte eller der verksemder delegerer oppgåva til ein underleverandør.

Tenesta er delt inn i 3 produkt. Kvart produkt har ein kvote for oppslag per døgn, basert på kor mange returnerte køyretøy ein treng til saman per døgn. Kvotane er på maks 5 000, 25 000 og 50 000 returnerte køyretøy til saman per døgn.

Prisoversikt API køyretøyopplysingar med eigarinformasjon
Produkt Skildring Pris per månad utan mva. i NOK
API køyretøyopplysingar med eigarinformasjon liten kvote Kvote på inntil 5 000 returnerte køyretøy pr. døgn 2 640
API køyretøyopplysingar med eigarinformasjon medium kvote Kvote på inntil 25 000 returnerte køyretøy pr. døgn 13 200
API køyretøyopplysingar med eigarinformasjon stor kvote Kvote på inntil 50 000 returnerte køyretøy pr. døgn 26 400

API for køyretøyhendingar

Staten vegvesen tilbyr i tillegg eit API for køyretøyhendingar som viser når eit køyretøy har ei hending, t.d. nyregistrering, eigarskifte, eller teknisk godkjenning av køyretøy. Denne informasjonen kan brukast i kombinasjon med «API for tekniske køyretøyopplysingar med eigarinformasjon». Dette gjer det mogleg å halde ditt eige register oppdatert.

Prisoversikt API køyretøyhendingar
Produkt Skildring Pris per månad utan mva. i NOK
API Køyretøyhendingar Informasjon om hendingar i Køyretøyregisteret 5 000

Tilgang til tenestene

For å få tilgang til API-a må du som representant for verksemda først godkjenne vilkåra våre. Ved å godkjenne vilkåra samtykkjer du til verksemda sine plikter og rettar for bruk av tenesta. I vilkåra får de òg informasjon om føremålet med tenesta, tilgangsstyring og kva som skjer ved brot på vilkåra. Du godkjenner vilkåra etter at du loggar inn.

For å godkjenne vilkåra på vegner av ei verksemd må du ha ein norsk elektronisk ID (BankID/Buypass/Commfides) og dei riktige rettane i Altinn for verksemda. Anten retten «Godkjenne avtalar på vegner av organisasjonar» eller rolla «Samferdsel».

Data du får via API-a

Tenestene gir tilgang til heilt ferske data og eit rikt og godt strukturert datasett.

API for tekniske køyretøyopplysingar med eigarinformasjon

Med API for tekniske køyretøyopplysingar med eigarinformasjon får du tilgang til det tekniske datasettet for eit køyretøy, som mellom anna inkluderer

  • registreringsdata
  • miljødata
  • mål og vekt
  • motor/kraftoverføring
  • dekk og felg
  • eigaropplysingar

I tillegg inneheld tenesta datoen for førre EU-kontroll og frist for neste. Tenesta inneheld òg datoar for når køyretøyet vart registrert i Noreg første gong og når det vart registrert på noverande eigar for første gong. Du får ikkje kilometerstanden på køyretøyet i tenesta.

Eigaropplysingar

Ved oppslag på køyretøyet sitt registreringsnummer eller understellsnummer via API-et, vil responsen returnere namn og adresse for eigar(ar). Ved oppslag på organisasjonsnummer eller fødselsnummer i kombinasjon med etternamn gir responsen eigarinformasjon i form av namn og poststad.

API for køyretøyhendingar

Med API for køyretøyhendingar får du tilgang til informasjon om hendingar i Køyretøyregisteret, som mellom anna inkluderer

  • registrering
  • eigarskifte
  • adresseendringar
  • tekniske godkjenningar

Slik bruker du API-et

Når verksemda din har inngått avtale med Statens vegvesen, må de utvikle funksjonalitet som gjer det mogleg å slå opp og få respons via API-et. Statens vegvesen nyttar Maskinporten for autentisering og tilgangskontroll for tenesta. For å bruke API-et må de ta i bruk Maskinporten.

Tilgang til testmiljøet er gratis og krev ikkje at du har inngått avtale med Statens vegvesen om tilgang til tenesta. For å få tilgang til testmiljøet må du sende ei melding til e-postadressa nedanfor med organisasjonsnummeret ditt og be om tilgang.

Har du spørsmål om tenesta, ønskjer å bestille tilgang til testmiljøet eller ønskjer å avslutte abonnement på tenesta kan du sende ei melding

API-er for kjøretøyopplysninger