Konkurs og omregistrering
Er du bustyrar for ein konkurs må du sjekke om det er registrert nokon køyretøy på føretaket.
Oversikt over kva køyretøy som er registrerte på ein bestemt eigar får du ved å logge inn på Di side og bruke tenesta «Sjekk køyretøy». Her kan du søkje opp andre sine køyretøy etter fødsels- eller D-nummer og etternamn, eller organisasjonsnummer.
Køyretøy som er registrerte på konkursbuet må registrerast på den nye eigaren. Du kan sende inn salsmeldinga på Di side. Når du sender inn salsmelding digitalt må du bruke «Eigarskifte i samband med dødsfall, konkurs eller liknande».
Du må leggje ved oppnemninga av bustyrar.
Abandonering eller overføring
Som bustyrar treng du berre å sende inn abandoneringserklæring eller erklæring om overføring dersom køyretøyet skal skifte eigar i Køyretøyregisteret.
Dersom køyretøyet skal abandonerast til skuldnaren, og det ikkje er gjort endringar i Køyretøyregisteret i samband med tidlegare behandling av konkurs, treng ikkje buet å føreta seg noko. Du kan søkje opp registreringsnummeret til køyretøyet og sjå kven som er registrert som eigar i Køyretøyregisteret ved å logge inn på Di side, og bruke tenesta «Finn eigar- og køyretøyopplysningar».
Eigarskiftet skal meldast ved å sende ei salsmelding på Di side, der du bruker «Eigarskifte i samband med dødsfall, konkurs eller liknande».