Omregistreringsavgift
Når salsmeldinga er godkjend, må du betale ei omregistreringsavgift før du kan bruke køyretøyet.
Før du betaler omregistreringsavgifta, må dette vere i orden:
- Køyretøyet må vere forsikra. Har du ikkje forsikring, vil du få gebyr for kvar dag køyretøyet er uforsikra. Hugs at forsikringa må meldast inn i hovudeigar sitt namn.
- Køyretøyet må ha godkjent EU-kontroll.
Det er berre kjøpar som kan betale omregistreringsavgift til Skatteetaten via Di side. Dersom det er avtalt at seljar skal betale avgifta kan det ikkje gjerast på Di side.
Kva må du betale i omregistreringsavgift?
Kor mykje du må betale, avheng av type, vekt og alder på køyretøyet. Du kan i enkelte tilfelle få fritak for betaling av omregistreringsavgifta. Dei fleste fritak får du automatisk i tenestene våre. Omregistreringsavgifta får nye satsar frå og med 1. januar kvart år.
Du kan finne kva omregistrering kostar på Skatteetaten sine sider. Der kan du også kontakte Skatteetaten dersom du har spørsmål om betalinga.
Les meir om omregistrering hos Skatteetaten.no
Treng du betalingsinformasjon som kan brukast i bank eller nettbank?
Kontakt oss for betalingsinformasjon:
Ver merksam på at betaling på denne måten blir oppdatert hos Statens vegvesen først om 2-3 vyrkedagar.
Fritak frå omregistreringsavgifta
Ektefellar treng ikkje betale omregistreringsavgift. Dette gjeld også om de er separerte eller skilte. Er skilsmissa gjennomført, må de søkje om fritak hos Skatteetaten, før de sender inn salsmelding. Deretter blir fritaket automatisk lagt inn når de sender inn salsmeldinga.
Sambuarar får ikkje fritak frå omregistreringsavgifta.
Arv mellom foreldre og barn i samband med dødsfall, er også fritatt frå omregistreringsavgifta. Overføring til barn eller andre i familien er derimot ikkje fritatt (til dømes ved forskot på arv).
Når får du nytt vognkort?
Når du har betalt omregistreringsavgifta og omregistreringa er fullført, kan du skrive ut eit mellombels vognkort frå Di side, og ta i bruk det nye køyretøyet ditt. Nytt vognkort får du i posten i løpet av fire til sju vyrkedagar.
Har du kjøpt eit avregistrert køyretøy?
Det kan vere lurt å sjekke registreringsstatus på køyretøyet før du tar det i bruk. Køyretøyet kan vere avregistrert sjølv om skilta er på. Får du opp at køyretøyet er avregistrert må du hugse å registrere køyretøyet før du tar det i bruk. Dette kan du gjere sjølv på Di side når køyretøyet har gyldig forsikring og alle andre vilkår for registrering er ok.
Har du kjøpt eit køyretøy utan skilt?
For å kunne ta i bruk køyretøyet må du bestille skilt og køyretøyet må registrerast.
Innleverte skilt blir som hovudregel makulert. Du kan bestille nye skilt og få dei sendt heim i posten dersom du registrerer køyretøyet på Di side. Du kan også bestille skilt for levering på ein trafikkstasjon. Du kan då hente skilta utan å registrere køyretøyet.
Du må bestille time når du skal på ein trafikkstasjon.