For å overføre eigarskap av eit køyretøy etter eit dødsfall må du sende inn nødvendig dokumentasjon. I ein del tilfelle må du også sende ei salsmelding.

Ei salsmelding er berre ei melding til Statens vegvesen om at køyretøyet har skifta eigar.

Dokumentasjon, avgift og forsikring

Dokumentasjonen du skal leggje ved og korleis du skal gå fram for å registrere eigarskiftet kjem an på om det er eit privat skifte, offentleg skifte eller uskifte. Du kan lese om dei ulike skifteformene på norge.no.

Vanlegvis må du betale omregistreringsavgift når det blir gjennomført eit eigarskifte. Les meir om fritak for omregistreringsavgift hos Skatteetaten.

Hugs å kontakte forsikringsselskapet ditt for å flytte forsikringa av køyretøyet over på deg. Tilhengjarar og campingvogner har ikkje krav om ansvarsforsikring.

Fullmakt

Generelt fullmaktsskjema ved privat skifte finn du på nettsida Skjema for arv og skifte (Norges domstoler). Dette skjemaet kan brukast av deg som gir fullmakt til nokon som skal ordne alt i samband med buhandteringa.

Skrive fullmakt sjølv

Dersom fullmakta berre skal gjelde ei konkret handling, til dømes å signere ei salsmelding for eitt eller fleire køyretøy tilhøyrande dødsbuet, kan arvingen lage ei eiga fullmakt. Fullmakta må innehalde:

  • Namn på avdøde
  • Namn på den som gir fullmakt
  • Namn på den som får fullmakt
  • Tydeleg forklaring av kva fullmakta gjeld (Døme: «Eg … har overtatt buet etter avdøde til privat skifte, og gir med dette fullmakt til å ordne eigarskifte av køyretøy tilhøyrande dødsbuet – irekna å underteikne på eigarskiftemelding på vegner av buet – og på vegner av meg sjølv.)
  • Stad og dato
  • Underskrift frå den som gir fullmakt

Du må også ha kopi av legitimasjon frå den som gir fullmakt.