Klage på salsmelding
Du kan klage på vedtak om eigarskifte (salsmelding). Er du i konflikt om eigarskap av eit køyretøy, eller køyretøyet ditt er stole, kontaktar du politiet.
Dersom du er i ein situasjon der du ønskjer å få eit køyretøy tilbake til deg, eller nokon skuldar deg pengar for eit sal, ta kontakt med politiet.
Når saka har fått ein dom (rettskraftig avgjerd) kan Statens vegvesen gjere om på kven som står som eigar av køyretøyet. Vi kan først hjelpe deg med å løyse saka når det er gitt ein dom.
Stole køyretøy
Er køyretøyet ditt stole melder du dette til politiet. Hugs også å kontakte forsikringsselskapet ditt.
Konflikt om pengar ved sal
Skuldar nokon deg pengar i samband med sal av køyretøy, kan du sende saka til forliksrådet.
Andre ting knytte til ei salsmelding
Dersom det er andre forhold rundt eit gjennomført eigarskifte (salsmelding) som du ønskjer å klage på, sender du klagen din til oss.