Bestill køyretøykontroll
Importerer du eller byggjer om ein bil, må den til kontroll. Bilen må også til kontroll dersom du har fått pålegg om det i ein EU-kontroll.
Vil du endre eller avbestille kontrolltimen din?
Før du bestiller kontrolltime
Når du bestiller time til køyretøykontroll blir dette rekna som ein søknad om å få køyretøyet ditt godkjent. Du er derfor ansvarleg for at du gir ifrå deg korrekt informasjon om deg sjølv og køyretøyet ditt. Dersom du bestiller time på vegner av andre, må du ha dokumentasjon på at du kan søkje om godkjenning av køyretøyet på vegner av eigaren når du bestiller time.
Det skal ikkje vere nokon aktive godkjenningssøknader til behandling for køyretøyet du bestiller time til. Timar til førstegongsgodkjenning er berre for køyretøy som ikkje har vorte godkjent i Noreg tidlegare.
Skal du bestille time til eit importert køyretøy, må køyretøyet vere fortolla før du bestiller timen.
Bestille time til køyretøykontroll
Når du loggar inn, får du ei oversikt over dei ulike kontrollane du kan bestille, kva trafikkstasjonar som tilbyr kontrollane, og om dei har ledig time.
Vi gjennomfører ikkje EU-kontroll. Time til EU-kontroll bestiller du hos ein godkjend verkstad.
Kontrollkategoriar
Statens vegvesen utfører ikkje reparasjonar, men sjekkar og godkjenner/endrar informasjon innan desse kategoriane:
- Førstegongsgodkjenning — køyretøyet er ikkje registrert i Noreg
- Ombygging — godkjenning av endringar på køyretøyet, inkluderer også godkjenning for Tempo 100.
- Korreksjon — endring i teknisk informasjon eller status
- Forvaltningskontroll — kontroll av teknisk tilstand
- Omfattande ombyggingar
- Tilleggsgodkjenning (til dømes godkjenning av hestetransport, utrykkingskøyretøy, ADR, lærevogn eller løyvepliktig persontransport)
Pris og betaling
Prisen for ein kontrolltime varierer avhengig av kontrolltype. Du får vite kva kontrolltimen kostar når du bestiller time.
Du kan betale for køyretøykontrollen samtidig som du bestiller eller innan tre vyrkedagar for å behalde timen. Logg inn på Di side, gå til «Køyretøykontroll», og vel «Kontrolltimane dine».
Det er mogleg å betale for køyretøykontrollen på ein trafikkstasjon. Du må bestille time når du skal på ein trafikkstasjon.
Hugs rett dokumentasjon
Du må hugse å ta med nødvendig dokumentasjon til køyretøykontrollen. Kravet til dokumentasjon varierer for dei ulike køyretøykontrollane. Du får beskjed om kva slags dokumentasjon du må ta med til køyretøykontrollen, når du bestiller kontrolltime.
Fleire kontrollar ved same besøk
Du kan bestille fleire typar kontrollar i same besøk. Det er greit å vere merksam på at ulike kontrolltypar krev ulik kompetanse frå Statens vegvesen. Derfor kan det vere vanskeleg å finne ein ledig time dersom timen inneheld mange ulike kontrolltypar.
Du kan gjennomføre køyretøykontroll samtidig for nokon kombinasjonar av trekkbil og hengjar. Det krev at begge køyretøya skal ha same kontroll, til dømes førstegongsgodkjenning eller årleg kontroll av tilleggsgodkjenning for ADR.
Manglar ved EU-kontroll eller teknisk kontroll
Statens vegvesen utfører ikkje EU-kontrollar. Du kan likevel få påvist manglar i ein EU-kontroll (eller i ein trafikkontroll av Statens vegvesen, politiet eller toll) som krev at du må få bilen kontrollert hos Statens vegvesen. Det kan til dømes vere at bilen din ikkje er bygd om etter rette standardar, eller at du har montert utstyr på bilen som ikkje er godkjend. Er du på jakt etter ein stad å utføre EU-kontrollen, kan du finne ein godkjend verkstad (kontrollorgan) her.
Endre eller avbestille time
Endre time
Du kan endre ein time fram til kl. 1400 på vyrkedagen før kontrolltimen. Dette er endringane som du kan gjere:
- endre tidspunkt for timen opptil 3 gongar
- endre stad for timen (byte trafikkstasjon) opptil 1 gong
- endre kva køyretøy som skal til kontroll opptil 1 gong
Avbestilling og refusjon
Du kan også avbestille kontrolltimar. Har du allereie betalt for køyretøykontrollen du ønskjer å avbestille, kan du få beløpet tilbake. For å få beløpet tilbake må du avbestille seinast ein vyrkedag innan 24 timar før tidspunktet til kontrolltimen.
For å få beløpet betalt tilbake må du sende oss ein skriftleg førespurnad gjennom kontaktskjemaet vårt. I skildringsfeltet skriv du at du ønskjer kontrollgebyret betalt tilbake, fødselsdato eller organisasjonsnummer (avhengig av om du betalte privat eller som bedrift), og bankkontonummer. Har du betalt på nett, må du leggje ved ein kopi av kvitteringa du fekk under «Meldingane dine» og oppgi referansenummeret. Har du betalt på ein trafikkstasjon, må du leggje ved ein kopi av kvitteringa du fekk då du betalte.
Enkelte gonger blir kontrolltimane avlyste av oss på grunn av uventa hendingar ved trafikkstasjonen. Om dette skjer, får du ein SMS som forklarer dette og sender deg vidare til bestilling av ny time på nett. Har du allereie betalt for timen, treng du ikkje gjere noko. Betalinga gjeld også for den nye bestillinga.
Konsekvensar ved misbruk av timebestillingsløysinga
Misbruk av timebestillingsløysinga vil seie at du medviten bestiller ein time der tidspunkt, stad eller køyretøy ikkje er reelt for søknaden om godkjenning av køyretøyet.
Til dømes vil ikkje ei timebestilling reknast som reell viss samtykke frå eigaren av køyretøyet ikkje er skaffa før timebestilling. Eit anna døme, er om du bestiller kontrolltimar ved ein trafikkstasjon som du fleire gonger ikkje møter opp ved.
Konsekvensar ved misbruk
Dersom du misbruker timebestillingsløysinga, kan dette bli konsekvensane:
- Avgrensing i tilgang til å bestille nye kontrolltimar.
Det blir sett ei grense på kor mange kontrolltimar du treng per veke, basert på eit gjennomsnitt av talet på timar som er nytta per veke. - Utestenging frå å bestille timar ved ein bestemd trafikkstasjon.
Det blir lagt inn ei sperre som gjer at det ikkje er mogleg å bestille time ved ein bestemd trafikkstasjon i ein tidsavgrensa periode. - Utestenging frå timebestillingsløysinga.
Dersom du fleire gonger misbruker timebestillingsløysinga, kan du bli utestengd frå å bestille kontrolltimar i ein tidsavgrensa periode.