Bestilling av transporttenester
Her finn du rettleiingar for bestilling av transporttenester, og kva du bør tenkje på for at gods og sjåfør skal komme trygt fram.
Når du bestiller transport, har du eit ansvar for å følgje regelverket. Dette gjeld både store, profesjonelle transportkjøparar og mindre lag, grupper eller privatpersonar som til dømes skal bestille ein turbuss. I tillegg kan du som bestiller også vere med på å sikre at både sjåfør og gods eller passasjerar kjem trygt fram til avtalt tid.
På altinn.no finn du e-guidar som enkelt hjelper deg med å finne ut kva reglar du må ta omsyn til og korleis du kan løyse oppdraget best mogleg. Det er éin guide for bestilling av gods (Altinn), og éin for bestilling av persontransport (Altinn).
Begge guidane er tilpassa både offentlege og private bestillingar.
Guidane er utarbeidde og gitt ut av Treparts bransjeprogram for transport, som er eit samarbeid mellom arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonane og styresmaktene.