For å laste ned og låse data frå fartsskrivar må bedrifta ha eit bedriftskort. Kortet kan bestillast i sjølvbetening eller på ein trafikkstasjon.

Søknad via sjølvbetening

Bedriftskort kan bestillast i sjølvbetjeningsløysinga vår ved å logge inn på Di side. Bedrifta må ha eit organisasjonsnummer og personen som skal søkje om bedriftskort på vegner av bedrifta, må ha ei tilknyting til bedrifta i Altinn. Når ein loggar inn på Di side vil det stå om ein har moglegheit til å handle på vegner av seg sjølv eller ei bedrift.

Nytt bedriftskort kostar 280 kroner når du søkjer om det på Di side. Du vil som regel få kortet i posten i løpet av fem til ti vyrkedagar, avhengig av leveringsstad.

Har ein ikkje organisasjonsnummer kan ein fylle ut papirsøknad (PDF, bokmål) (med fødselsnummer i staden for organisasjonsnummer) og levere det på ein trafikkstasjon.

Søknad på ein trafikkstasjon

Bestill time om du vil søkje på ein trafikkstasjon, så slepp du å vente der.

Skriv gjerne ut søknadsskjema (vedlagt nedst på sida her) og fyll ut i forkant.
Du kan søkje om bedriftskort om det er du som skal stå som eigar/brukar av kortet, eller om du har med underskrift frå dagleg leiar og firmaattest.

Saksbehandlaren kontrollerer om du oppfyller vilkåra som blir kravde for å få det ønskte fartsskrivarkortet.

Kortet kostar 310 kroner på ein trafikkstasjon og må betalast på staden. Du vil som regel få kortet i posten i løpet av fem til ti vyrkedagar, avhengig av leveringsstad.