For å få sjåførkort må du ha gyldig førarkort, norsk fødselsnummer og vere registrert som busett i Noreg.

Søk om sjåførkort Logg inn

Du kan sjølv søkje om sjåførkort på Di side dersom du har norsk førarkort og norsk fødselsnummer.

Søknaden blir behandla i løpet av 72 timar, og du kan sjekke status på søknaden på Di side. Om søknaden blir godkjend blir kortet produsert og postlagt innan tre til fem dagar. Det kan altså ta opptil to veker frå bestilling til du har fått sjåførkortet i posten.

Nytt sjåførkort kostar 280 kroner når du søkjer om det på Di side. Kortet er gyldig i fem år, personleg og kan ikkje lånast bort.

Er kortet ditt tapt, stole eller defekt kan du lese meir her: Tapt, stole eller defekt sjåførkort

I desse tilfella må du søkje på ein trafikkstasjon

Du må søkje på ein trafikkstasjon dersom du:

  • må skifte ut sjåførkortet på grunn av administrative endringar.
  • har eit sjåførkort som er tapt eller defekt, og treng erstatningskort.
  • har utanlandsk sjåførkort som framleis er gyldig. Du kan då søkje om fornying eller utskifting av utanlandsk sjåførkort. Dette kan du lese meir om her: Utanlandsk sjåførkort som skal bytast inn.
  • ikkje er registrert som busett i Noreg. Du kan då berre søkje om mellombels sjåførkort dersom du oppfyller vilkåra. Les meir om mellombels sjåførkort lenger ned på sida.
  • har utanlandsk førarkort som er gyldig for køyring i Noreg. Du kan då søkje om ordinært sjåførkort så lenge du har norsk fødselsnummer, er busett i Noreg og ikkje har gyldig utanlandsk sjåførkort.

Dersom du har eit utanlandsk førarkort som ikkje er gyldig for køyring i Noreg må du først byte inn førarkortet til eit norsk førarkort, før du kan søkje om eit sjåførkort. Du kan lese meir om innbyte av førarkort her: Førarkort i og utanfor Noreg

Det kostar 310 kroner å søkje om sjåførkort på ein trafikkstasjon.

Mellombels sjåførkort

Mellombels sjåførkort kan unntaksvis bli utferda til personar som IKKJE er registrerte som busette i EU/EØS land eller land knytte til AETR-avtalen:

Albania, Andorra, Armenia, Azerbaijan, Belarus, Bosnia og Hercegovina, Georgia, Kasakhstan, Kirgisistan, Moldova, Monaco, Montenegro, Nord Makedonia, Russland, San Marino, Serbia, Storbritannia, Sveits, Tadsjikistan, Turkmenistan, Tyrkia, Ukraina* og Usbekistan.

Mellombels sjåførkort er gyldig i opptil 6 månader og kan bli utferda til personar med D-nummer eller norsk fødselsnummer. Mellombels sjåførkort kan ikkje fornyast, erstattast eller skiftast ut. Som hovudregel kan likevel sjåførkort bli utferda berre ein gong.

Du må møte på ein trafikkstasjon for å søkje om mellombels sjåførkort. Du må leggje fram dokumentasjon på arbeidsforhold i form av ein arbeidskontrakt med føretak etablert i Noreg, som minimum gjeld for perioden du søkjer om kort for. Du må også ha førarkort gyldig for køyring i Noreg. Ta med arbeidskontrakten og førarkortet ditt når du møter på trafikkstasjonen.

Dersom du er busett i eit land knytt til AETR-avtalen eller eit EU/EØS land og ønskjer eit sjåførkort, må du søkje i landet du er registrert som busett i.

* Mellombels unntak: Dersom du er frå Ukraina kan du få utferda mellombels sjåførkort så lenge ukrainarar er under kollektivt vern i Noreg.

Slik bruker du sjåførkortet

Alle som utfører transport der køyre- og kviletidsreglane gjeld og som bruker eit køyretøy med digital fartsskrivar, må ha sjåførkort. Det er heller ikkje nok at du har søkt om kort. Dette gjeld også om du er vikar og køyrer sporadisk.

Sjåførkortet er eit smartkort som skal brukast i fartsskrivaren. Køyring blir registrert automatisk når du køyrer. Når du stansar, må du sjølv velje om du skal utføre anna arbeid, ha pause eller kvile.

Det er også mogleg å ta utskrift frå fartsskrivaren som viser køyre- og kviletida di. Det er arbeidsgivaren din som har ansvar for å laste ned data frå sjåførkortet. Det må gjerast minst ein gang i månaden.

Slik fornyar du sjåførkort

Eit halvt år før kortet går ut på dato kan du fornye sjåførkortet på Di side. Det nye sjåførkortet vil då vere gyldig frå dagen etter det førre går ut. Nytt kort må ikkje setjast i fartsskrivaren før startdato. Det gamle kortet skal nyttast heilt til datoen då det går ut, sjølv om du allereie har fått det nye kortet.

Dersom du ønskjer å fornye sjåførkortet, skal du sende ein søknad om dette seinast 15 vyrkedagar før gyldig-til-datoen på kortet, jf. artikkel 28 om fornying av sjåførkort (lovdata, PDF). Normalt sett kan det ta opptil to veker frå du har bestilt eit nytt sjåførkort til du får det.