Søk om sjåførkort
For å få sjåførkort må du ha gyldig førarkort, norsk fødselsnummer og vere registrert som busett i Noreg.
Du kan sjølv søkje om sjåførkort på Di side dersom du har norsk førarkort og norsk fødselsnummer.
Søknaden blir behandla i løpet av 72 timar, og du kan sjekke status på søknaden på Di side. Om søknaden blir godkjend blir kortet produsert og postlagt innan tre til fem dagar. Det kan altså ta opptil to veker frå bestilling til du har fått sjåførkortet i posten.
Nytt sjåførkort kostar 360 kroner når du søkjer om det på Di side. Kortet er gyldig i fem år, personleg og kan ikkje lånast bort.
Er kortet ditt tapt, stole eller defekt kan du lese meir her: Tapt, stole eller defekt sjåførkort
I desse tilfella må du søkje på ein trafikkstasjon
Du må søkje på ein trafikkstasjon dersom du:
- må skifte ut sjåførkortet på grunn av administrative endringar.
- har eit sjåførkort som er tapt eller defekt, og treng erstatningskort.
- har utanlandsk sjåførkort som framleis er gyldig. Du kan då søkje om fornying eller utskifting av utanlandsk sjåførkort. Dette kan du lese meir om her: Utanlandsk sjåførkort som skal bytast inn.
- ikkje er registrert som busett i Noreg. Du kan då berre søkje om mellombels sjåførkort dersom du oppfyller vilkåra. Les meir om mellombels sjåførkort lenger ned på sida.
- har utanlandsk førarkort som er gyldig for køyring i Noreg. Du kan då søkje om ordinært sjåførkort så lenge du har norsk fødselsnummer, er busett i Noreg og ikkje har gyldig utanlandsk sjåførkort.
Dersom du har eit utanlandsk førarkort som ikkje er gyldig for køyring i Noreg må du først byte inn førarkortet til eit norsk førarkort, før du kan søkje om eit sjåførkort. Du kan lese meir om innbyte av førarkort her: Førarkort i og utanfor Noreg
Det kostar 390 kroner å søkje om sjåførkort på ein trafikkstasjon. Du må bestille time når du skal på ein trafikkstasjon.