Her finn du informasjon om reglar knytt til internasjonal transport, kabotasje og straffegebyr.

Tilgang til å køyre internasjonal transport på veg er i utgangspunktet avgrensa til godstransport med lastebil eller persontransport med buss.

Fire hovudtypar internasjonal transport

Kva tilgang du har til å køyre internasjonal transport kjem an på kva løyve du har, som igjen er knytt til kva land du skal køyre til, frå og igjennom. Det er fire hovudtypar av internasjonal transport.

Bilateral transport

Transport som startar i den staten der transportøren høyrer heime og sluttar i ein annan stat.

Transittransport

Transport som startar og sluttar i to ulike statar og som går gjennom andre statar utan å setje av eller ta opp last eller passasjerar.

Tredjelandstransport

Transport mellom ein stat der transportøren ikkje høyrer heime og eit tredjeland.

Kabotasje

Transport der transportøren køyrer mellom to stader innanfor ein stat der transportøren ikkje høyrer heime.

Reglar for internasjonal vegtransport

Kva reglar som gjeld for internasjonal vegtransport er avhengig av kva land transporten skal gå til, frå og igjennom.

Fellesskapsløyve

Innanfor EØS er transportmarknaden ganske ope. Eit fellesskapsløyve krevst for både godstransport og persontransport. Eit slikt løyve eller lisens gir tilgang til å køyre bilateral transport, transittransport, tredjelandstransport og mellombels kabotasje.

Løyve som er utskrive etter 1.1.2015 gir tilgang til både nasjonal og internasjonal transport for motorvogn eller motorvogn med tilhengjar med tillaten totalvekt over 3500 kg. Den 1. november 2022 vart det innført krav til løyve for internasjonal godstransport med motorvogn eller motorvogn med tilhengjar med tillaten totalvekt over 2500 kg og opp til 3500 kg. For internasjonal rutetransport trengst særskilt løyve.

ECMT-løyve

For transport mellom land som er ein del av kvotesamarbeidet innanfor International Transport Forum (tidlegare ECMT/CEMT) kan gods transporterast i samsvar med eit ECMT-løyve. Eit slikt løyve gir tilgang til å køyre bilateral transport, transittransport og tredjelandstransport. Kabotasje er ikkje tillaten på grunnlag av eit ECMT-løyve.

Enkeltturløyve

For land som Noreg har inngått bilaterale eller multilaterale avtalar med, kan transport utførast i samsvar med føresegner i desse avtalane. Som regel krevst det eit eige løyve for kvar tur/returreise (enkeltturløyve), men enkelte avtalar krev ikkje løyve ved alminneleg inn- og utreise.

Ønskjer du å søkje om ECMT/CEMT-løyve, kan du søkje her:
Søk om CEMT-løyve

Trenger du å søkje om enkeltturløyve finn du søknadsskjema her:
Søk om enkeltturløyve

Ved turvognkøyring i utlandet krevst det eit eige kontrolldokument/køyreskjema. Merk at dette ikkje gjeld innanfor dei nordiske landa (Noreg, Sverige, Danmark og Finland). Treng du å bestille køyreskjema (også kalla kontrollhefte) gjer du dette her:
Bestill kontrollhefte

Kabotasje i Noreg

Kabotasje er transport mellom stader i ein annan stat enn der transportøren høyrer heime. Kabotasje er i utgangspunktet ikkje tillate.

Ein utanlandsk transportør kan berre frakte gods mellom to stader i Noreg viss det ligg føre eit spesielt grunnlag for det. Transportørar frå EØS har likevel tilgang til å køyre kabotasjetur i Noreg etter gjeldande EØS-regelverk. Les meir om EØS-regelverket nedanfor.

Godstransportkabotasje

For godstransport er kabotasje tillaten i samband med ein internasjonal transport. Dette betyr at transportøren må i utgangspunktet køyre ein grensekryssande transport inn i Noreg viss hen ønskjer å utføre transport i Noreg. Det er altså ikkje tilgang for ein transportør til å komme til Noreg utan last, for så å drive innanlands godstransport (kabotasje) i Noreg. Kabotasje er berre tillaten i ein avgrensa periode, og det kan ikkje vere ein permanent eller løpande aktivitet.

Transportørar med fellesskapsløyve frå eit anna EØS-land vil innanfor ein tidsperiode på 7 dagar kunne utføre inntil 3 innanlandske transportar med same køyretøy. Perioden på 7 dagar blir rekna frå tidspunktet då den internasjonale lasta vart lossa i Noreg. Etter dette må transportøren ta køyretøyet ut av landet, og kan ikkje returnere før etter 4 dagar (såkalla «Cooling-off»). I tillegg er det tilgang til å køyre ein av dei tre kabotasjeturane som transitt i eit anna land utan å ha med internasjonal last inn i dette landet.

Det er eit krav om dokumentasjon for å køyre kabotasjeturar. Transportøren må dokumentere både det internasjonale oppdraget og kvar kabotasjetur som er utført i Noreg.

Persontransportkabotasje

For persontransport utanfor rute kan kabotasje utførast mellombels i Noreg.

Mellombels persontransportkabotasje på veg er berre tillaten i periodar på maksimalt 20 dagar samanhengande, og maksimalt 30 dagar totalt per kalenderår.

Oppstart av kabotasjeperioden blir rekna frå den dagen transportøren startar på den første kabotasjeturen i Noreg. Perioden blir avslutta når bussen som køyrer kabotasjeoppdraget fysisk er ute av landet.

For persontransport i rute, er kabotasje avgrensa til innanlandsstrekningar som er ein del av ei internasjonal rute.

Dersom ein utanlandsk operatør ønskjer å drive permanent eller løpande transport i Noreg, må hen etablere seg i landet etter gjeldande reglar og søkje løyve for nasjonal transport. Du kan søkje om transportløyve her: Søk om transportløyve

Gebyr ved brot på yrkestransportregelverket

Frå 1. mars 2024 blir det gitt straffegebyr for å ikkje ha med førarattest og løyvedokument under transporten. I dei tilfella der transportføretaket ikkje har løyvedokument eller førarattest, kan det givast straffegebyr på 60 000 kr. Du kan finne straffegebyra i forskrifta hos lovdata.no.

Desse brota på reglar om godstransportkabotasje gir gebyr:

  • Det kan ikkje dokumenterast innkommande internasjonal transport.
  • Kabotasje er utført meir enn sju dagar etter at siste internasjonale tur vart avslutta.
  • Det er utført meir enn tre kabotasjeturar med grunnlag i fellesskapsløyvet etter den grensekryssande transporten.
  • Det er køyrt meir enn éin transittkabotasje.
  • Det er utført transittkabotasje meir enn tre dagar etter innkomst til Noreg.
  • Fraktbrev er mangelfullt utfylt eller har mangelfullt utfylt dokumentasjon.
  • Fraktbrev/dokumentasjon for nasjonal transport følgjer ikkje med i køyretøyet.
  • Kabotasje er påbyrja før lossing av internasjonal transport.