Drive drosjeselskap og jobbe som drosjesjåfør
Dersom du både skal drive eit drosjeselskap og jobbe som sjåfør, må du ha både drosjeløyve og køyresetel.
Skal du køyre drosje må du ha køyresetel
For å kunne søkje om køyresetel må du oppfylle desse krava:
- Du må vere fylt 20 år og ha hatt førarkort i minst to år samanhengande.
- Du må ha god helse og leggje helseattest ved søknaden din.
- Du må ha god vandel (oppførsel). Politiet sjekkar vandelen til alle søkjarar.
- Du må dokumentere at du har tilstrekkeleg fagleg kompetanse.
Last ned søknadsskjemaet og les meir om køyresetelen for yrkessjåførar hos politiet.
Før du kan søkje om drosjeløyve må du
- ha fast og varig verksemd i Noreg, ha god vandel, og ha tilfredsstillande økonomisk evne
- dokumentere at du har tilstrekkeleg fagleg kompetanse
Kravet om fagleg kompetanse kan oppfyllast dersom søkjaren
- kan leggje fram vitnemål for bestått eksamen hos Statens vegvesen. Dette omfattar også vitnemål for bestått drosjeløyveeksamen hos Statens vegvesen i perioden 1. januar 2018 til 31. oktober 2020.
- har hatt drosjeløyve før 1. november 2020
- kan leggje fram vitnemål for bestått eksamen for godstransport- eller turvognløyve, har slikt løyve eller har leia eit transportføretak samanhengande i perioden på 10 år før 4. desember 2009
- har vitnemål eller kompetansebevis utferda av offentleg myndigheit i ein annan EØS-stat eller Sveits som bevis på tilsvarande kompetanse, som er godkjent av Statens vegvesen
Det vil ikkje vere mogleg å søkje om drosjeløyve på grunnlag av kompetansebevis utferda før 1. januar 2018.