Har du kompetanse frå eit anna EØS-land eller Sveits?
Du kan søkje Statens vegvesen om å få godkjenning dersom du har fagleg kompetanse til å drive ei drosjeverksemd frå eit anna EØS-land eller Sveits.
For at vi skal kunne godkjenne kompetansen din, må vi vurdere at du oppfyller krava til fagleg kompetanse som er fastsette i yrkestransportforskrifta § 8, og som er nærare utdjupa i temalista for løyveeksamen for drosje.
Fagkompetansekravet skal sikre at løyvehavaren har tilstrekkeleg kunnskap til å tilby ein viss minstestandard på tenestene og til å drive drosjeverksemd i tråd med gjeldande regulering i Noreg. Ikkje minst er det viktig med kunnskap om gjeldande reglar knytte til arbeidsgivaransvar, skattar og avgifter og forbrukarrettar. Krava er derfor i stor grad knytte til norsk regelverk. Dette gjer det utfordrande å tileigne seg tilsvarande kompetanse i andre EØS-land.
Dersom du vurderer at du oppfyller krava til fagleg kompetanse, kan du søkje om å få denne kompetansen godkjend i Noreg.
Du sender søknad med dokumentasjon på kompetanse i form av vitnemål eller kompetansebevis utferda av offentleg myndigheit i eit anna EØS-land eller Sveits til:
Statens vegvesen
Postboks 1010 Nordre Ål
2605 Lillehammer
Vi ber om at du merker søknaden din «Søknad om godkjenning av fagleg kompetanse for drosjeløyve frå andre EØS-land».
Krav til språk eller omsetting av dokumentasjon
Vi godtar berre dokumentasjon på engelsk, norsk, svensk eller dansk. Dokument utferda på andre språk enn desse må omsetjast til norsk eller engelsk.
- Vi godtar omsettingar gjort av statsautorisert translatør. Du finn statsautoriserte translatørar på nettsida for Statsautoriserte translatørers forening (Translatørportalen).
- Vi godtar også omsettingar gjorde av annan profesjonell omsetjar i Noreg eller utlandet, som til dømes tolketenesta eller ambassadar. Du kan finne omsetjarar ved å søkje i Brønnøysundregisteret.
Det må kome fram av dokumenta kven som har omsett dei. Dersom dei innsende omsetjingane ikkje er gode nok, kan vi kome til å be om ny omsetjing.