Slik får du drosjeløyve
Her finn du informasjon om dei krava du må oppfylle for å få drosjeløyve. Søknaden sender du via Altinn til fylkeskommunen din.
Før du kan søkje om drosjeløyve må du
- ha fast og varig verksemd i Noreg, ha god vandel, og ha tilfredsstillande økonomisk evne
- dokumentere at du har tilstrekkeleg fagleg kompetanse
Kravet om fagleg kompetanse kan oppfyllast dersom søkjaren
- kan leggje fram vitnemål for bestått eksamen hos Statens vegvesen. Dette omfattar også vitnemål for bestått drosjeløyveeksamen hos Statens vegvesen i perioden 1. januar 2018 til 31. oktober 2020.
- har hatt drosjeløyve før 1. november 2020
- kan leggje fram vitnemål for bestått eksamen for godstransport- eller turvognløyve, har slikt løyve eller har leia eit transportføretak samanhengande i perioden på 10 år før 4. desember 2009
- har fagleg kompetanse til å drive eit drosjeselskap fra ein annan EØS-stat eller Sveits, som er godkjent av Statens vegvesen. Du kan lese meir om korleis du får godkjent kompetansen din her.
Det vil ikkje vere mogleg å søkje om drosjeløyve på grunnlag av kompetansebevis utferda før 1. januar 2018.
Søk om drosjeløyve hos Altinn
Det er fylkeskommunen som har ansvar for søknadene om drosjeløyve. Søknaden sender du via Altinn til fylkeskommunen din.