Her viser vi nokre døme på skilt som blir nytta i samband med varelevering.

Kvar kan du laste og losse varer?

I nokre av døma er det berre tillate å stanse kortast mogleg for å laste og losse varer av ei viss mengde, tyngde eller storleik. I nokre tilfelle er det også berre tillate for varebil, lastebil eller trekkbil.

  • «Ei viss mengde, tyngde eller storleik» betyr at varen ikkje kan vere lett å handtere. Det er ulovleg å hente eller levere ei letthandterleg pakke, ein lett gjenstand, eit brev eller liknande. Du kan til dømes ikkje setje bilen frå deg ein stad der det er parkeringsforbud, for så å hente eller levere mat (typisk takeaway), medisiner på apoteket eller handleposar frå butikken.
  • «Kortast mogleg» betyr at ein ikkje kan gjere noko anna enn den konkrete lessinga den tida du lesser. Du kan til dømes ikkje gå på butikken, kjøpe ein kaffe eller gå på toalettet. Du kan heller ikkje pakke inn eller ut det som skal lessast. Alt må vere klart til sjølve lessinga.

Kva betyr skilta?

Parkering forbode

Døme: Kortast mogleg stans for å lesse av eller på last er tillate, og er ikkje definert som parkering.

Bilete av eit parkering forbode skilt
372 Parkering forbode. Illustrasjon: Statens vegvesen

Avgrensingar: Kortast mogleg stans. Varen må vere av ei viss mengde, tyngde eller storleik.

Stans forbode med underskilt

Døme 1: Av- og pålessing er tillate for varebil, lastebil og trekkbil mellom kl 08 og 13 måndag til fredag. For andre køyretøy er det stans forbode i dette tidsrommet.
I anna tidsrom gjeld stans forbode for alle typar køyretøy.

Bilete av eit stans forbode med unntak for varetransport skilt
370 Stans forbode med unntak for varetransport. Illustrasjon: Statens vegvesen

Avgrensingar: Av- og pålessing tillate berre for varebil, lastebil og trekkbil i oppgitt tidsrom. Kortast mogleg stans. Varen må vere av ei viss mengde, tyngde eller storleik.

Døme 2: Av- og pålessing er tillate for varebil, lastebil og trekkbil mellom kl 08 og 13 måndag til fredag. For andre køyretøy er det stans forbode i dette tidsrommet.
Det nedste underskiltet viser at anna tid, mellom kl 13 og 08, er parkering forbode (av- og pålessing er tillate med visse unntak).

Bilete av eit stans forbode 08-13 med unntak for varetransport, og parkering forbode anna tid skilt.
370 Stans forbode 08-13 med unntak for varetransport, og parkering forbode anna tid. Illustrasjon: Statens vegvesen

Avgrensingar: Kortast mogleg stans. Varen må vere av ei viss mengde, tyngde eller storleik. Av- og pålessing tillate berre for varebil, lastebil og trekkbil i oppgitt tidsrom.

Bilete av lastebil symbol
Symbolet gjeld for varebil, lastebil og trekkbil, og blir brukt på fleire typer underskilt. Illustrasjon: Statens vegvesen

Gågate

Døme: Underskiltet viser at varetransport med av- og pålessing er tillate i oppgitte tidsrom, her mellom kl 00 og 11 måndag til fredag og kl 00-09 laurdagar. Resten av tida er det forbode å køyre motorvogn her.

Bilete av gågate med unntak for varetransport skilt
548 Gågate med unntak for varetransport. Illustrasjon: Statens vegvesen

Avgrensingar: Kortast mogleg stans. Varen må vere av ei viss mengde, tyngde eller storleik.

Parkering

Døme: Parkering er tillate, og det gjeld også varelevering.

Bilete av parkeringskilt
552 Parkering. Illustrasjon: Statens vegvesen

Avgrensingar: Du må følgje parkeringsreglementet på staden og som førar har du plikt til å forsikre deg om at køyretøyet er lovleg parkert (aktsemdsplikt).

Parkering med underskilt

Døme: Parkering er reservert varebil, lastebil og trekkbil i inntil 30 min så lenge køyretøyet har parkeringsskive som viser tidspunktet for når det vart parkert.

Parkeringsskiltet tillet kortast mogleg stans for av- eller pålessing eller av- eller påstiging, for alle typar køyretøy. Av- og pålessing er fortsatt tillate etter 30 minutt, sidan det ikkje blir rekna som parkering. Det er berre nødvendig tid til denne aktiviteten som er lovleg. Gjer du noko anna blir det rekna som parkering.
Sjølv om du sit i bilen, så er køyretøyet parkert. Det same gjeld om motoren er i gang.

Bilete av eit parkering reservert varebil, lastebil og trekkbil i inntil 30 min skilt
552 Parkering reservert varebil, lastebil og trekkbil i inntil 30 min. Illustrasjon: Statens vegvesen

Avgrensingar: Du må ha gyldig parkeringsskive/gratisbillett for å parkere.
Ved av- eller pålessing skal stans være kortast mogleg, og vara må vere av ein viss storleik, mengde eller tyngde.

Stans i veibanen

Stans i vegbanen for å føreta varelevering er tillate dersom det er i tråd med vegtrafikklova og trafikkreglane, men må vurderast opp mot handlingsalternativa.

Avgrensingar: «Enhver skal ferdes hensynsfullt og være aktpågivende og varsom så det ikke kan oppstå fare eller voldes skade og slik at annen trafikk ikke unødig blir hindret eller forstyrret» (Vegtrafikklova § 3). Ut over dette må ein sørgje for at ein ikkje stansar i strid med reglane i § 17 av trafikkreglane.

Kvar kan du ikkje stanse for å laste og losse varer?

Her er døme på kvar det er forbode å stanse for å laste og losse varer:

  • På plassar reserverte for forflyttingshemma
  • På gangfelt eller sykkelkryssing eller nærare enn 5 meter framfor slike stader
  • I sykkelfelt
  • I kollektivfelt
  • På fortau
  • I vegkryss eller nærare enn 5 meter frå vegkrysset

Her er døme på kvar det er forbode å stanse for å laste og losse varer, med mindre noko anna er oppgitt på underskilt:

  • På gatetun utanom særskilt anviste plassar
  • Der det er skilta «Stans forbode»
  • På haldeplassar. Det er forbode å stanse på haldeplass eller 20 meter frå trafikkskiltet for haldeplassen.

Føraren har ansvar for at køyretøyet er lovleg parkert (aktsemdsplikt)

Aktsemdsplikta betyr at du må sørgje for at køyretøyet er lovleg parkert. Det vil seie at du må sjå etter parkeringsregulerande skilt eller oppmerkingar som har noko å seie for parkeringa (vegtrafikklova § 5, første ledd).

Har du fått ei bot som du ønskjer å klage på?

Har du fått ei bot som du er usamd i, eller har spørsmål om, må du ta kontakt med den verksemda som har gitt deg denne. Kontaktinformasjon skal stå på blanketten du har fått, og her skal det også stå kva klagereglane er. Her kan du lese om dei ulike typane parkeringsbøter, og korleis du klagar på dei.

Sjå også