Eg vil ta løyveeksamen
Løyveeksamen for gods- og persontransport tek du på ein av Statens vegvesen sine trafikkstasjonar.
For å få gå opp til løyveeksamen, må du ha bestått minimum teoriprøve for førarkortklasse C1, D1, C eller D.
Du kan ta løyveeksamen på alle trafikkstasjonar. Du må bestille time til eksamen.
Bestått løyveeksamen
Har du bestått løyveeksamen for gods- og persontransport ved ein av Statens vegvesen sine trafikkstasjonar, kan du få utferda kompetansebevis som er gyldig innanfor EU/EØS.
Kompetansebeviset kan du bestille på Di side eller bestille og betale i skranken på trafikkstasjonen. Statens vegvesen utferdar beviset og sender dette i post.