Dersom transportleiar i føretaket er død
Dersom transportleiaren døyr, må det meldast frå om til oss.
Enkeltpersonføretak
Dersom innehavaren av eit enkeltpersonføretak døyr, må det meldast til Statens vegvesen med følgjande informasjon:
- Namn på føretaket og organisasjonsnummer.
- Namn på transportleiar.
- Namn på den etterlatne eller arvingen som eventuelt ønskjer å drive enkeltpersonføretaket vidare.
Ved fortsatt drift av føretaket
Føretaket vil få svar fra Statens vegvesen med informasjon om rettar og plikter.
- Etterlet avlidne seg ektefelle, sambuar, livsarving eller registrert partnar som ønskjer å fortsetje verksemda, kan løyve ikkje tilbakekallast før det har gått seks månader frå dødsfallet.
- Ønskjer ein etterlaten å ta over selskapet og drive vidare med løyvepliktig transport, må denne innan seks månader framlegge godkjend dokumentasjon på fagleg kompetanse, økonomi og vandel.
Garantiansvaret opphøyrer frå same dato som dødsfallet. Ny garanti bør framleggast før vidare drift fortset og seinast etter seks månader.
Ved avvikling av føretaket
Dersom etterlatne ikkje ønskjer å drive føretaket vidare, skal løyva med utfylt skjema returnerast til Statens vegvesen.
For aksjeselskap og ANS
Dersom transportleiar døyr, må selskapet seinast innan 28 dagar sende melding om dødsfallet til Statens vegvesen.
Selskapet må melde inn dødsfallet med følgjande informasjon:
- Namn på føretaket og organisasjonsnummer.
- Namn på transportleiar.
Ønskjer selskapet å drive vidare med løyvepliktig transport, må de sende melding til Statens vegvesen innan tre månader om at det er tilsett ny transportleiar. De må også sende inn godkjend dokumentasjon som viser at ny transportleiar oppfyller krava til fagleg kompetanse og vandel.
Statens vegvesen kallar tilbake løyva dersom ikkje verksemda innan tre månader kan dokumentere at det er tilsett ny transportleiar som fyller krava til vandel og fagleg kompetanse.
Meld frå på e-post eller i brev
Melding om at transportleiar er død skal sendast til Statens vegvesen anten via e-post til eller til
Statens vegvesen
Postboks 1010 Nordre Ål
2605 Lillehammer
Merk med «gods-/turvognløyve».
Har du spørsmål om plikter og konsekvensar når transportleiar døyr?
Send e-post til eller ring oss.