Blir føretaket avvikla, kan løyva verte tilbakekalla.

Føretaket er sletta

Statens vegvesen får varsel frå Brønnøysundregistrene om at føretaket er sletta.

Dersom løyva ikkje allereie er sendt inn til Statens vegvesen, får føretaket eit varsel om at løyva kan verte tilbakekalla. De får tre veker på å uttale dykk i saka. Dersom det ikkje skjer endringar i avviklingsprosessen, vert løyva tilbakekalla.

Føretaket er konkurs

Statens vegvesen får varsel frå Brønnøysundregistrene om at føretaket er konkurs.

Dersom løyva ikkje allereie er sendt inn til Statens vegvesen, vert dei tilbakekalla utan varsel.

Innlevering av løyve

Skjema kan fyllast ut elektronisk.

Lever transportløyve

Det er også mogeleg å fylle ut skjema på papir.

Skjemaet skal sendast pr. post, saman med originale løyvedokument til:

Statens vegvesen
Postboks 1010 Nordre Ål
2605 Lillehammer

Merk med «gods-/turvognløyve».